Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
02.01.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5986411Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Einingsleiar for barnevernstenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune ligg midt i mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har ca. 22 400 innbyggarar, og vart ein kommune i 2020 etter samanslåing av fire kommunar. Sunnfjord kommune har nyleg vedteke førebyggande plan for barn og unge, der kommunen har vedteke felles samhandlingsmodell for tenestene til barn og unge i Sunnfjord kommune.
Barneverntenesta har ei moderne organisering med fire faglege team, med eigne teamleiarar inkludert familieteam (tiltaksteam). Det er ca. 28 årsverk i eininga. Einingsleiar har ansvar for den totale drifta av barnevernet, som inneber ansvar for personal, økonomi og fag.
Vi søkjer no etter:Einingsleiar i 100 % fast stilling, ledig frå 19.05.2025.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
- leie og utvikle barnevernstenesta i tråd med lovverk og nasjonale føringar
- personalansvar, økonomistyring og fagleg ansvar for barnevernstenesta
- ansvar for forbetrings- og kvalitetsutvikling i tenesta
- pådrivar for godt samarbeid internt i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartar
- organisere og støtte dei fire faglege teamleiarane
- samarbeide med andre kommunale tenester og eksterne aktørar for å sikre heilskaplege tilbod for barn og unge
- bidra til utvikling og effektivisering av barnevernet i samsvar med vedtekne mål og modellar
- bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- villig til å starte og fullføre delmasterutdanning innan 2031, dersom du ikkje har slik utdanning frå før
- leiarerfaring, helst frå barnevern eller liknande felt
- fagleg sterk med god kjennskap til barnevernlova og utfordringar innan barnevernet
- gode samarbeidsevner og er oppteken av tverrfagleg samarbeid
- evne til å inspirere og engasjere, og samtidig vere tydeleg og ha god gjennomføringsevne
- evne til å vurdere, prioritere og ta avgjerder i komplekse situasjonar
Ønskeleg med:
- masterutdanning i barnevern, jfr nye krav til utdanning som vil gjelde frå og med 2031
- barnevernleiarutdanning
- erfaring innan økonomi og budsjettansvar
- ei spennande leiarstilling med ansvar og påverknad i ein kommune med høge ambisjonar for barn og unge
- einingsleiar og teamleiarane utgjer eit aktivt leiarteam som gir god støtte til utviklingsarbeidet
- moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
02.01.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5986411Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune