Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5991037Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Leiar for legetenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam?
Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora.
Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid.
I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale utekontor i Ålvik og Strandebarm, medan Helsebanken legekontor i Øystese er drive av sjølvstendig næringsdrivande legar. Fastlegar i Øystese og Norheimsund rullerer på å ha kontordagar ved utekontora. Kvam herad overtok drifta av Norheimsund legesenter hausten 2024. I tillegg til fastlegar er det 5 helsesekretærar på dei tre kommunale legekontora.
Arbeidsoppgåver
Utvikling av tenesta:
Utarbeida og implementera strategier for å sikra høg kvalitet og tilgjenge i legetenesta
Følgja opp nasjonale og lokale retningslinjer, og politiske vedtak
Ressursforvalting og drift:
- Ansvar for økonomi og budsjett innan legetenesta og legekontora
- Sørga for effektiv ressursbruk, inkludert bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling
- Bemanningsplanlegging på legekontor og legevakt, inkludert ferieavvikling
- Budsjett og økonomistyring på legekontor og i legetenesta
- Administrative oppgåver innan fastlegetenesta
- Oppfølging av ALIS-legar, leggje til rette for at ALIS får gjennomført spesialisering
- Personalansvar for tilsette i legetenesta
Samhandling:
Leiar for legetenesta skal vera ein aktiv bidragsytar for å utvikla samarbeidet mellom fastlegar, øvrige kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta
Kvalitetssikring:
- Stillinga har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeid i tenesta. Fagleg rådgjevar (kommunelege) skal følgja opp kvaliteten i pasientbehandlinga, pasientsikkerheit og sikra etterleving av faglege standardar. Leiar for legetenesta og fagleg rådgjevar må ha eit tett og godt samarbeid når det gjeld kvalitetsarbeid.
- Følgja opp krav og tilsyn fra relevante myndigheiter, samt rapportering
Personalleiing:
- Rekruttera og følgja opp fastlegar og anna personale i legetenesta
- Leggja til rette for ulike utdanningsløp for legar: LIS og ALIS-løp
- Sikra gode rutinar for arbeidstid, sykefråværsoppfølging og trivsel
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
- Helsefagleg utdanning frå høgskule/universitet
- Leiarerfaring frå helsesektoren, gjerne frå stilling i kommunal sektor
- Solid arbeidserfaring frå relevant fagområde
- Kjennskap til legetenesta er ei føremon
- Relevant leiarutdanning eller er villig til å ta leiarutdanning
Personlege eigenskapar
- Som leiar for legetenesta ønskjer me deg som er:
- målretta, strukturert og ein pådrivar i vidareutvikling
- nytenkjande, tillitsskapande og har gode samarbeidsevner
- tydeleg når du formidlar forventningar og når du gir tilbakemeldingar
- tilrettelegg for læring og utvikling hos medarbeidarane dine
- i stand til å skapa oppslutnad om endringar gjennom godt prosessarbeid
- samlande og opptatt av å skapa gode arbeidsmiljø
Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar
Me tilbyr
- Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
- Høve til å påverka og vera med på å utforma fremtidas helse- og omsorgstenester
- Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode leiarkollegaer som har fokus på leiing og tverrfagleg samarbeid
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5991037Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Tilretteleggingsressurs i barnehage
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Miljøterapeut - Tolomarka omsorg og avlastning
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Miljøarbeidarar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Einingsleiar ved Indre Nordmøre barneverntjeneste
Surnadal kommune
SURNADAL