• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    10.01.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5990602
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Driftsoperatør bygg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga:

Det er ledig ei 100 % fast stilling som Driftsoperatør bygg ved eininga Teknisk Drift, stillinga

er lokalisert i Sogndal og hovudtyngda av arbeidet vil vera ved ny 1-7 barneskule og SFO i

Sogndal sentrum, og ny basis- og fleirbrukshall.

Arbeidstakar må vera forberedt på reise/arbeide i heile kommunen ved behov.

Avdelinga drift og vedlikehald har 3 utestasjonar med formenn på kvar stad og ca. 16

årsverk med driftsoperatørar. Om lag 7 stillingar er lagt til Sogndal.

Bygningsmassen til Sogndal kommune består av skuler, barnehagar, helsebygg,

administrasjonsbygg, utleigebustader mm.

 

Arbeidsoppgåver:

Drift og vedlikehald av kommunale bygg med tilhøyrande uteområde. Barneskulen er

under utbygging og er forventa ferdigstilt i 2027. Driftsoperatør vil få ansvar for

eksisterande barneskule i byggjeperioden og samstundes inngå i byggherreorganisasjonen

for nybygget. Herunder deltaking i byggherre- og brukarmøter. Opplæring for nybygget

skjer i samspel med utførande entreprenør. Det er gode moglegheita for påverknad til at

den nye skulen fungera optimalt ut frå eit driftsperspektiv. Det må påreknast at tekniske

anlegg på den nye skulen krev ein del variert teknisk og kompetanse, også i høve

automasjon og styring av både tekniske anlegg og adgang.

 

Oppgåvene vil være delt mellom drift av tekniske anlegg, førefallande vedlikehald og

vedlikehaldsprosjekt. Dette inkludera både planlegging og utføring.

 

Kvalifikasjonar:

Vi søkjar primært etter personar med fagbrev som elektrikar/røyrleggjar/tømrar men

fagbrev innan andre tekniske fag er også aktuelle.

Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og god teknisk kompetanse kan erstatte formell

kompetanse.

 

Søkar må beherske Office appar slik som Word og Excel og kunne handtere pc, mobil og nettbrett som ein del av arbeidskvardagen. Ein stiller krav om at ein må kunne norsk flytande muntleg og skriftleg, med tanke på dei avanserte tekniske anlegga ein skal betjena når skulen står ferdig samt den utviklande prosessen ein skal gå igjennom i byggjeperioden som del av byggherreorganisasjonen for nybygget. Herunder deltaking i byggherre- og brukarmøter.

Det er krav om førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar:

Fleksibel og løysningsorientert.

Imøtekommande og serviceinnstilt.

Evne til å jobbe sjølvstendig innafor gitte rammer.

 

Me tilbyr:

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Gode velferdsordningar

Løn etter avtaleverket

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden

elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder,

funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette

arbeidsforholda dersom du har behov for det.

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid

på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar

om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg

søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før

søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt

EasyCruit.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    10.01.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5990602
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune