Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5986381Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Psykiatrisk sjukepleiar/familieterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer engasjert psykiatrisk sjukepleiar/familieterapeut til psykisk helsetilbod for barn og unge i Sogndal kommune
Brenner du for å styrke psykisk helse hos barn og unge? Vil du vera med på å forme eit framtidsretta og tverrfagleg psykisk helsetilbod som gjer ein reell forskjell for barn og unge i Sogndal kommune? Då kan dette vera stillinga for deg!
Sogndal kommune styrkar satsinga på barn og unge. Med bakgrunn i nasjonal rettleiar for psykisk helse for barn og unge, har kommunen utvikla og er i gang med å etablere eit psykisk helsetilbod for barn og unge. Tilbodet er tverrfagleg samansett og er eit lågterskeltilbod og tilbyr behandling og oppfølging til barn og unge med milde til moderate psykiske plager, begynnande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Tilbodet har eit familieperspektiv og tilbyr foreldrestøtte og rettleiing til foreldre.
Me søkjer ein person med sterkt engasjement for barn og unge si psykiske helse, har fokus på livsmeistring og ressursar, og som vil jobbe for å styrke og utvikle det kommunale arbeidet innan psykisk helse barn og unge.
Arbeidsoppgåver:
Førebygging, kartlegging, utredning, behandling og oppfølging av barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar eller byrjande rusmiddelproblem mm.
Oppfølging av barn og unge med samansette, langvarige vanskar som krev koordinert innsats over tid og tett samarbeid mellom instansar og tenestenivå
Foreldrerettleiing og rettleiing/oppfølging til skule/barnehage
Samarbeid med andre involverte instansar, som helsestasjonen, PPT, BUP, barnevernteneste, fastlege, skule og barnehage
Arbeid på barn og unge sin arena
Delta i drift og utvikling av gruppetilbod
Bidra til helsefremjande og førebyggande arbeid i kommunen
Bidra til heilskapleg oppfølging av barn og unge via samarbeid og samhandling med barn/unge/familiar og andre tenester i tråd med BTI modellen
Kvalifikasjonar:
- Helsepersonell med minimum treårig høgskule eller universitetsutdanning som sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernspedagog og med relevant vidareutdanning innan psykisk helse, psykisk helse barn og unge, familieterapi
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
Erfaring med arbeid innafor psykiatri eller familieterapi
Klinisk erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
Høg grad av sjølvstendigheit
Erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid med barn og unge
God forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
Kompetanse eller erfaring med rettleiing
Evne til å samarbeide og kommunisere med ulike samarbeidspartnarar og målgrupper
Strukturert, fleksibel og løysingsorientert
Førarkort klasse B og tilgang til egen bil
Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Me tilbyr:
Ein spennande og utfordrande stilling i et godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Moglegheit for å vere med på å forme eiga stilling ut frå gjeldande rammer.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5986381Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Sogndal kommune
Leikanger -
Miljøterapeut - Tolomarka omsorg og avlastning
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Erfaringskonsulent
Øygarden kommune
STRAUME -
Generell søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Miljøterapeut/Vernepleiar/Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE