Ledig stilling

Sogndal kommune

Avdelingsleiar vatn og avløp

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å utvikle eit viktig område for framtida i ein kommune i vekst? Sogndal kommune har meir enn 1300 tilsette som står på for å sikre gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane våre kvar dag. Sogndal er kjend for å ha verdas beste snø, og ein natur som gir deg kvalitetsopplevingar heile året. Me er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050 – med eit spennande arbeidsliv, ein populær studiestad og eit rikt gründermiljø som viktige ingrediensar. Samstundes må me endre måten me leverer tenestene våre på for å lever gode tenester også i framtida. Det krev at me tenkjer nytt – og me treng deg som vil vere med å legge grunnlaget for framtidas lokalsamfunn. 

 

Om stillinga: 

Sogndal kommune søkjer no ein engasjert og kompetent avdelingsleiar innan vatn og avløp. Stillinga inneber varierte oppgåver knytt til leiing av dagleg drift, personaloppfølging, planlegging og økonomistyring. I tillegg vil du delta i å utvikle og styre driftsprosjekt. Som avdelingsleiar vil du ha ei nøkkelrolle i planlegging og gjennomføring av viktige infrastrukturprosjekt for å sikre ein berekraftig og effektiv vatn- og avløpsinfrastruktur i kommunen. Kommunen jobbar etter prinsippet om å kontinuerleg tilpasse organisasjonen til behova. Du vil inngå i stab til leiar for teknisk drift, og jobbe tett saman med dei andre tekniske fagområda i kommunen, i tillegg til vatn og avløp.  

 

 Arbeidsoppgåver: 

  • Planlegging og koordinering av dagleg drift ved alle oppmøtestader i kommunen 

  • Økonomistyring inkludert oppfølging av drift 

  • Koordinering av driftsprosjekt, med stor grad av samarbeid med eksterne aktørar 

  • Delta i planlegging og gjennomføring av investeringsprosjekt i kommunen 

  • Teknisk rådgiving og bistand til interne og eksterne aktørar 

 

Kvalifikasjonar: 

Me ser etter deg som har: 

  • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, gjerne med spesialisering innan vatn- og avløpsteknikk 

  • Erfaring med prosjektleiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt 

  • God økonomiforståing og erfaring med budsjetthandsaming 

  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg 

  • Evne til å jobbe sjølvstendig så vel som i team 

  • Kjennskap til relevant regelverk og standardar 

  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg språk 

  • Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning 

 

Me tilbyr: 

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø 

  • Moglegheit for kompetanseutvikling og vidareutdanning 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Fleksibel arbeidstid 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.