• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    20.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5949327
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Driftskoordinator idrett

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter.

Vi har ansvar for:
  • utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute  
  • offentleg bading  
  • samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
  • sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat
  • statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt
Vi har ledig stilling: 
  • Idrettskonsulent, 100 % fast stilling

Kontorstad er ved Førdehuset, men arbeidsoppgåver er også knytt til idretten i heile kommunen. Arbeidstid er i hovudsak på dagtid, men arbeid i helg og på kveldstid må påreknast.

Krav til søkar:
  • 3-årig høgare utdanning eller meir. Anna relevant utdanning og erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • erfaring frå eit eller fleire av områda idrett, frivilligarbeid, økonomi og administrasjon, eller liknande område
  • erfaring med budsjett og fakturering
  • har datakunnskap og erfaring med digitale kommunikasjonsplattformer
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
  • vilje og evne til å vere med å utvikle tilbodet og til å lære nye arbeidsoppgåver
  • kunne jobbe strukturert, strategisk og praktisk
Du bør: 
  • ha livreddarprøve, eller ta den
  • vere engasjert i idrett og/ eller frivillig arbeid
  • vere initiativrik, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner
  • ha erfaring med idrettsanlegg
  • vere kreatid ov sjå mogelegheiter
  • god gjennomføringsevne
Vi tilbyr:
  • faglege utfordringar
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    20.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5949327
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune