Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
02.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5956244Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Vestnes kommune
Vi søker ny kommunedirektør
Offentlig forvaltning
Vi søker ein leiar som skal vere med på å vidareutvikle Vestnes kommune til ein god kommune å leve og bu i. Rolla som samfunnsutviklar er styrka og heilskapleg tenking og samhandling på tvers av sektorar står sentralt. Vestnes kommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar. For å leie arbeidet med å utvikle tenestene våre, søker vi nå etter ny kommunedirektør.
Kommunedirektøren er øvste administrative leiar i kommunen og bindeleddet mellom administrativt og politisk nivå. Vestnes kommune er ein kommune i endring og omstilling. I Vestnes er arbeidsoppgåvene mangfaldige og forholda ligg til rette for utvikling og nytenking. Vi ser etter ein leiar med gjennomførings- og samarbeidsevner.
ANSVARSOMRÅDER
Kommunedirektør har overordna administrativt ansvar for løpande drift og skal leie, organisere og koordinere kommunen si verksemd slik at den opererer som ei samla eining.
Kommunedirektør vil få overordna ansvar for økonomi og budsjettering, HR/personal, behandling av sakar og næringsarbeid i kommunen. Kommunedirektøren skal bidra til at resultat blir nådd gjennom utvikling av organisasjonen, motiverte medarbeidarar og effektive styringssystem.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Være ein tydeleg, samlande og tillitsskapande leiar for kommunen sine tilsette
- Vidareutvikle organisasjonen gjennom strategisk leiing
- Utøve trygg økonomisk styring og planlegging innan vedtekne rammer
- Legge fram sakar for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak
- Legge til rette for godt samarbeid mellom politisk leiing, folkevalde, tillitsvalde og medarbeidarar
- Oppfølging og vidareutvikling av interkommunale samarbeid, med fokus på å ivareta kommunen sine interesser
- Bygge tillit til- og godt omdømme blant innbyggjarar og næringsliv
KVALIFIKASJONAR
Vi søker ein kommunedirektør med høgare utdanning, ulike utdanningsretningar kan vere aktuelle. God rollekunnskap og økonomisk kompetanse er ønska. Den vi søker tenker strategisk og har eit heilheitleg perspektiv. Det er ein fordel med erfaring frå politisk styrte organisasjonar, og vi meiner det er viktig å gje politikarane handlingsrom.
Vestnes kommune er i stadig endring og strategiske leiingseigenskapar og gjennomføringsevne er avgjerande eigenskapar hos ny kommunedirektør. Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg, og byggjer gode relasjonar til både tilsette, politisk leiing og innbyggjarar.
Ved tilsetting leggast det vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor søke stillinga som kommunedirektør i Vestnes kommune?
Som kommunedirektør hos oss vil du få ein krevjande og spennande leiarposisjon i ein framtidsretta kommune i utvikling, og eit godt samarbeid med næringslivet og andre kommunar i regionen. Her får du stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige medarbeidarar og godt samspel mellom politikk og administrasjon.
Kommunedirektøren er ei av dei mest spennande stillingane i kommunen med mange viktige samfunnsoppgåver i tida som kjem. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø.
Kan dette vere anledninga du har venta på?
Søknadsfrist: 2. januar
Søk stillinga via Finn.no eller Fremogruppen.no via denne lenka: Jobbsøkerportal - Webcruiter
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande, uformell samtale.
Vi har vald Fremogruppen som samarbeidspartner i denne rekrutteringsprosessen. Partner i Fremogruppen, Jorunn Løseth, kan kontaktast på tlf. 90 79 03 11 eller e-post: jorunn.loseth@fremogruppen.no.
All kontakt blir behandla konfidensielt. Kontakt til Fremogruppen blir behandla konfidensielt også ovanfor Vestnes kommune om ønskeleg.
Vestnes kommune, kan kontaktast v/ordførar Randi Bergundhaugen, mobil 92 01 48 83 eller
e-post: randi.bergundhaugen@vestnes.kommune.no.
Søkjarar må i søknaden grunngje om ein vil være unntatt offentlegheit. Grunngjeving vil bli vurdert jamfør reglane i offentleglova § 25. Om det, etter kommunens vurderingar, ikkje føreligg ein særskilt grunn, vil søkaren bli offentleggjort. Søkarar vil i tilfelle bli varsla på førehand om dette og får da høve til å trekke søknaden før offentleggjering.
Vestnes kommune er ein inkluderande arbeidslivsorganisasjon som ønskjer mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
02.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5956244Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
-
Kommunalsjef drift og utvikling
Ål Kommune
ÅL -
Einingsleiar ved Heimetenesta
Surnadal kommune
SURNADAL -
Einingsleiar ved Indre Nordmøre barneverntjeneste
Surnadal kommune
SURNADAL -
Lad opp elektrolaget vårt med din leiarskap!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Vi søkjer etter teamleiar i miljøtenesta
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD