Ledigt jobb

Øygarden kommune

Barne- og ungdomsarbeidar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halvtime køyretur frå Bergen. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Til skulestart i 2024 fekk vi eit nytt og oppgradert uteområde. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.

Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein "SUPER!!"-skule og tek del i programmet «Barneskulen som samfunnsbyggar»

 Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevar med særskilte behov i skule og SFO.
  • Tilsyn i friminutt.
  • Hjelp og støtte i undervisning.
  • Generelt arbeid i SFO.

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Erfaring frå arbeid i skule og arbeid med elevar med særskilte behov.
  • Førarkort klasse B.

Ønskjeleg med:

  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk (for assistentar/fagarbeidarar) eller liknande fag.
  • Ønskjeleg med livredningskurs basseng eller vilje til å ta dette.
  • Fordel om ein disponerer eigen bil.

Personlege eigenskapar:

  • Du er ein varm og raus vaksen.
  • Du er engasjert i korleis ein kan skape eit godt skule- og arbeidsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
  • Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt:

Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.