• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5884360
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.09.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Helgestillingar 2*15% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med 40 000 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, gode assistenar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfagleg tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. 

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Helgestillingane som her vert lyst er knytt til ei kommunal korttidsavdeling og tek i mot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling og oppfølging før heimreise.

Arbeidsoppgåver:
  • Pleie, oppfølging og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
Kvalifikasjonar: 

Ønskjer søkjarar som er student innan helse, men kan og vere søkjarar som er nysgjerrig på helsesektoren og som ser for seg å ta utdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller anna helsefagleg utdanning på sikt. Søkjar må vere trygg i skriftleg og munnleg norsk.

Må vere 18 år.

Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå liknande arbeid og i utdanning innan helse
Eigenskapar:
  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar og menneske som er i siste fase av livet
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av  opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt og er eigna til denne arbeidsformen
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har gode IT-kunnskap
Anna:
  • Stillinga blir lagt i årsturnsus med 16 helgar.
  • Det er no ledig to faste stillingar på 15%
Vi tilbyr
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20

Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48 17 79 90

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5884360
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.09.2024