Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
24.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5950465Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Avdelingsleiar 8-10 ved Dingemoen skule, 100 % vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein inkluderande, målretta og synleg leiar med engasjement for elevane si læring og utvikling? Avdelingsleiaren vår på 8-10 skal ut i permisjon og vi søkjer hennar erstattar som kan vere ein sentral bidragsytar i skulekvardagen og aktivt støtte vårt verdigrunnlag: Likskap – Kunnskap – Venskap.
Som avdelingsleiar for trinn 8-10 vil du jobbe tett saman med rektor og assisterande rektor i eit dedikert leiarteam, med 50 % administrativ ressurs og 50 % undervisning. Du får ei viktig rolle i den praktiske drifta og vil vere med å vidareutvikle skulen sitt læringsmiljø gjennom gode relasjonar med elevar, tilsette og føresette.
Dingemoen skule stod ferdig hausten 2021 og byr på topp moderne fasilitetar, flotte spesialrom og store uteområde for elevane. Vi søkjer deg som evnar å bygge gode samarbeidsrelasjonar, skape entusiasme, og som har ein tydeleg leiarstil som motiverer til felles innsats.
- Leie og utvikle skulen i tråd med lover, forskrifter og styringsdokument, med vekt på elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte.
- Bidra til pedagogisk utvikling, planlegging og ressursforvaltning, og følgje opp resultat frå kartleggingar og nasjonale prøver.
- Ha personalansvar med tillitsbasert leiing som fremjar samarbeid og målretta innsats, og styrkje profesjonsfellesskapet og teamkjensla blant kollegaene.
- Relevant pedagogisk utdanning for grunnskulen, helst ungdomssteget
- Sterke munnlege og skriftlege norskkunnskapar, minimum B2
- Godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Ynskjeleg:
- Erfaring frå pedagogisk arbeid i grunnskulen, og gjerne leiarerfaring frå skule
- Kompetanse innan læringsfellesskap og skuleutvikling, samt kjennskap til lover og forskrifter for skulen
- Innsikt i skuleforsking som grunnlag for eigen praksis.
- God digital kompetanse.
Vi ser etter ein trygg og engasjert leiar med høg arbeidskapasitet, som trivst i ein hektisk kvardag. Du er initiativrik, finn løysingar og følgjer opp tiltak, samstundes som du støttar og motiverer medarbeidarar og elevar. Du er positiv, raus, og evnar å prioritere for å møte både skulen og elevane sine behov.
- Løn etter utdanning og erfaring
- Godt arbeidsmiljø
- Erfarne støttespelarar i kollegiet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søkjarlister med namn, kjønn, alder og stilling er i utgangspunktet offentlege. Søkjarar vil bli kontakta om det ikkje finst grunnlag for unntak, og få høve til å trekkje søknaden. Under elles like føresetnader vil menn bli føretrekte.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
24.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5950465Se her for andre jobber fra Fjaler kommune