Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5950469Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljørettleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I samarbeid med Vestland Fylkeskommune har Tranevågen ungdomsskule ledig stilling som miljørettleiar i 100% stilling
Om skulen:
Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i underkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære behov.
Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.
Leiarteamet består av kontorkonsulent, tre avdelingsleiarar og rektor. Vi er opptatt av god samhandling i alle ledd, der ein drar nytte av kvarandre sine styrkar.
For tida som kjem må vi arbeide førebyggjande opp mot elevar som har ulike utfordringar og treng ei anna tilnærming til skulekvardagen enn fleirtalet av dei andre elevane. Vi søker no etter ein miljørettleiar i 100% frå snarast.
Oppgåver:- Målretta miljøterapeutisk arbeid med elevar knytt til ulike sosialemosjonelle vanskar
- Førebyggjande systemarbeid, og rettleiing av andre tilsette
- Samarbeid med ulike samarbeidspartar for dei elevane ein følgjer opp
- Deltaking i sosialpedagogisk team
- Noko skriftleg arbeid må påreknast
- Følgje opp elev i overgang mellom skule og institusjon
- Følgje opp elev i samband med sosiale arrangement i skulen sin regi, t.d. skuletur, overnattingstur, sosiale arrangement på ettermiddagstid.
- Fleksibilitet ihht tenestestad
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 stp
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar eller pedagog kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid
- Godkjend politiattest, ikkje eldre enn tre mnd.
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
- Førarkort klasse B
- AART – instruktør kurs
- God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen
- God relasjonell- og kontaktskompetanse
- Engasjert og løysingsorientert
- Liker å samhandle med andre, og få til ting i lag
- Pliktoppfyllande og punktleg
- Kan takle høgt arbeidspress og ulike utfordrande situasjonar med elevar
- Er ein lojal lagspelar
Menn oppmodast til å søke stillinga
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Martha Helen Listou
Rektor, Tranevågen ungdomsskule
Tlf.: 56 09 63 02/ 90 61 29 82
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5950469Se her for andre jobber fra Øygarden kommune