Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
15.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6398496Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Vil du bli styrar i Yksnebjør barnehage?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Frå 1. desember har vi ledig 100 % fast styrarstilling i barnehagen vår.
Yksnebjør barnehage ligg midt i Dale i Sunnfjord – omgjeven av fjord, fjell og eit levande lokalsamfunn.
Vi er ein barnehage med seks avdelingar fordelt på to hus, full av leik, latter og læring kvar einaste dag. Hjå oss møter du engasjerte tilsette som brenn for å skape tryggleik og trivsel for barna, og som ønskjer ein styrar som vil vere med og løfte laget vidare. I barnehagen er det også ein assisterande styrar i ei 40 % stilling.
Du vil inngå i leiarteamet til oppvekst og samarbeide tett med dei tre andre barnehagane i kommunen.
Vi ynskjer oss ein styrar som både har hjartet og hovudet på rett stad. Du likar å arbeide tett saman med folk, og du trivst med å ha ansvar – for både barn, tilsette og økonomi. Du ser verdien i gode relasjonar, du er tydeleg som leiar, og du blir motivert av å sjå både barn og tilsette vekse og utvikle seg. Som styrar rapporterer du til kommunalsjef for oppvekst.
- Overordna ansvar for pedagogisk utvikling og kvalitet i barnehagen.
- Leiing og oppfølging av tilsette, inkludert personal- og arbeidsmiljøansvar.
- Økonomistyring og budsjettansvar.
- Sikre at barnehagen følgjer lovverk, rammeplan og kommunale retningsliner.
- Bidra til samarbeid med føresette, lokalmiljø og kommunen.
- Godkjend barnehagelærarutdanning og minimum tre år erfaring frå oppvekstområdet.
- God kjennskap til barnehagefeltet og rammeplanen.
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor gjeldande budsjettrammer.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
- Godkjend politi- og tuberkulinattest
- Vidareutdanning i leiing.
- Leiarerfaring frå barnehage eller annan relevant verksemd.
- Evne til å motivere, inspirere og leie i lag med andre.
- Strukturert og målretta arbeidsform.
- Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse.
- Evne til å sjå- og møte både barn, føresette og tilsette.
Det blir vektlagt at ein er personleg egna for stillinga.
Vi tilbyr- eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- moglegheit for å påverke utviklinga av barnehagen
- løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- støtte til fag og kompetanseutvikling
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
15.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6398496Se her for andre jobber fra Fjaler kommune