Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.11.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4842720Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 31.10.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Vikariat - NAV Sogndal og Ungdomsteamet
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å jobbe med ungdom ? Då kan desse stillingane vera noko for deg
NAV Sogndal har ledig 2 vikariat i 100% stilling. Det eine vikariatet er ledig frå snarast og ut 2023. Det andre vikariatet er ledig frå 15.01.23 til 01.07.23.
Begge stillingane er tilknytt NAV Sogndal og Ungdomsteamet i Region Sogn.
NAV Sogndal har base i nye, moderne lokale på Leikanger.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsretta avklaring og oppfølging av portefølje med ungdom som står tilmeldt NAV
- I samarbeid med ungdomen kartlegge ressursar og kompetanse, samt motivere og legge til rette for arbeid, aktivitet og utdanning/kvalifisering.
- Samhandle med arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar
- Dokumentere arbeidet i ulike fagsystem
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå å jobbe med ungdom
- God kartlegging og rettleiingskompetanse
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- God digital kompetanse
- God til å bygge relasjonar og skape tillit hjå ungdomar
Personlege eigenskapar:
- Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
- Løysningsorientert, likar å jobbe både sjølvstendig og i team
- Er målretta, strukturert og har gjennomføringsevne
- Evne til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter
- Gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
- Prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar
Personleg eigenskap vil bli særleg vektlagt.
Me tilbyr:
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting skjer på kommunale vilkår og lønn etter tariffavtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Du må oppgi i søknaden din om du søker begge vikariata.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.11.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4842720Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 31.10.2022