• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    11.11.2022
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4842720
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 31.10.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Vikariat - NAV Sogndal og Ungdomsteamet

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å jobbe med ungdom ? Då kan desse stillingane vera noko for deg

 

NAV Sogndal har ledig 2 vikariat i 100% stilling. Det eine vikariatet er ledig frå snarast og ut 2023. Det andre vikariatet er ledig  frå 15.01.23 til 01.07.23.

Begge stillingane er tilknytt NAV Sogndal og Ungdomsteamet i Region Sogn.

NAV Sogndal har base i nye, moderne lokale på Leikanger.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsretta avklaring og oppfølging av portefølje med ungdom som står tilmeldt NAV
  • I samarbeid med ungdomen kartlegge ressursar og kompetanse, samt motivere og legge til rette for arbeid, aktivitet og utdanning/kvalifisering.
  • Samhandle med arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Dokumentere arbeidet i ulike fagsystem

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet

 

Det er ønskeleg at du har: 

  • Erfaring frå å jobbe med ungdom
  • God kartlegging og rettleiingskompetanse
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • God digital kompetanse
  • God til å bygge relasjonar og skape tillit hjå ungdomar 

 

Personlege eigenskapar:

  • Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
  • Løysningsorientert, likar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Er målretta, strukturert og har gjennomføringsevne
  • Evne til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter
  • Gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
  • Prioriterer, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere raske endringar

Personleg eigenskap vil bli særleg vektlagt.

 

Me tilbyr: 

  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting skjer på kommunale vilkår og lønn etter tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. Du må oppgi i søknaden din om du søker begge vikariata.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    11.11.2022
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4842720
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 31.10.2022