• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    05.01.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5980158
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Ledigt jobb

Fjaler kommune

Vi søkjer helsesjukepleiar i 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler kommune har ledig 100 % stilling som helsesjukepleiar. Fjaler helsestasjon har 3 helsesjukepleiarar fordelt på 2,7 årsverk i tillegg til jordmor og lege. Helsestasjonen ligg under helsetenesta saman med legekontoret, fysio- og ergo og psykisk helse. Vi flyttar om kort tid over i nye lokaler og vert samlokalisert med legekontor og psykisk helseteneste.

Frå 01.01.25 opprettar vi også ei ny eining i helsetenesta, Barn, unge og familiar. I tett samarbeid og på tvers av eksisterande fagområde vil vi skape arenaer der vi kan kome tidleg inn for å kartlegge og iverksette tiltak. Vi er i gang med å implementere verktøyet BTI (Betre tverrfagleg innsats). Helsesjukepleiarane har ei sentral rolle inn i dette arbeidet.

Vi søkjer ny medarbeidar, der følgjande arbeidsoppgåver kan inngå:
  • Oppgåver i helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom som skissert nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelseteneste
  • Direkte arbeid med born og ungdom og deira familiar
  • Foreldrerettleiing
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats

Kvalifikasjonar:
  • Offentleg godkjent helsesjukepleiar
  • Sjukepleiar under utdanning til helsesjukepleiar eller som ønskjer å ta utdanning som helsesjukepleiar, kan også søke
  • Den som vert tilsett må legge fram politi- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Førarkort klasse B 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Omgjengeleg, sjølvstendig, strukturert og fagleg engasjert
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig så vel som i team

Vi tilbyr:
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer
  • Varierte og utfordrande oppgåver i arbeid med born, unge og deira familiar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    05.01.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5980158
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune