Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
10.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6601151Se här för andra jobb från Vestnes kommune
Vestnes kommune
Vestnes kommune søkjer politisk sekretær inntil 80 % vikariat ut 2026
Offentlig forvaltning
Vestnes kommune har ledig vikariat som politisk sekretær inntil 80 % stilling ut 2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til sentraladministrasjonen og næraste leiar er personal- og organisasjonssjefen. I tillegg til godt samarbeid internt i organisasjonen vil stillinga innebere godt samarbeid med ordførar og politiske organ. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men noko arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar med gode digitale ferdigheiter som ønskjer å bidra til gode politiske prosessar og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som politisk sekretær vil du vere ein sentral støttefunksjon i kommunen sine politiske prosessar. Oppgåvene vil mellom anna vere:
- Førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i politiske organ
- Utsending av sakspapir og publisering av møte
- Protokollføring og etterarbeid
- Saksbehandling innan eige ansvarsområde
- Støtte til ordførar, folkevalde og administrasjon
- Oppfølging av sak- og arkivsystem
- Andre administrative oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- God digital kompetanse
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du:
- Arbeider strukturert og innan tidsfristar med prioriterte oppgåver
- Har god rolleforståing
- Har evne og interesse for digitale utvikling
- Er serviceinnstilt og samarbeider godt med ulike aktørar
- Trivst med varierte oppgåver og til tider korte fristar
- Har interesse for samfunn og lokaldemokrati
Vi tilbyr
- Varierte og samfunnsviktige arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Vikariat med ønska tilsetting så snart som mogleg, og med varigheit ut 2026.
Endring i stillingsinnhold kan bli aktuelt.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Ta gjerne kontakt med personal- og organisasjonssjef Mette Jane Holand, mob. 90017957 om du har spørsmål til stillinga.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
10.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6601151Se här för andra jobb från Vestnes kommune
-
Tilkallingsvikar
Vestnes kommune
VESTNES -
Språkassistent - 60 % engasjement - Skuleåret 2026-2027
Vestnes kommune
VESTNES -
Tilkallingsvikar
Vestnes kommune
VESTNES -
Kombinert språkassistent og undervisningsstilling- 60 % engasjement - Skuleåret 2026-2027
Vestnes kommune
TOMREFJORD -
Inntil 2 x 100 % vikar undervisningsstilling - Tomrefjord skule
Vestnes kommune
Tomrefjord