• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    10.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6601151
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
Vacancy

Vestnes kommune

Vestnes kommune søkjer politisk sekretær inntil 80 % vikariat ut 2026

Offentlig forvaltning

Vestnes kommune har ledig vikariat som politisk sekretær inntil 80 % stilling ut 2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til sentraladministrasjonen og næraste leiar er personal- og organisasjonssjefen. I tillegg til godt samarbeid internt i organisasjonen vil stillinga innebere godt samarbeid med ordførar og politiske organ. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men noko arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.

Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar med gode digitale ferdigheiter som ønskjer å bidra til gode politiske prosessar og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

Som politisk sekretær vil du vere ein sentral støttefunksjon i kommunen sine politiske prosessar. Oppgåvene vil mellom anna vere:

  • Førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i politiske organ
  • Utsending av sakspapir og publisering av møte
  • Protokollføring og etterarbeid
  • Saksbehandling innan eige ansvarsområde
  • Støtte til ordførar, folkevalde og administrasjon
  • Oppfølging av sak- og arkivsystem
  • Andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • God digital kompetanse
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du:

  • Arbeider strukturert og innan tidsfristar med prioriterte oppgåver
  • Har god rolleforståing
  • Har evne og interesse for digitale utvikling 
  • Er serviceinnstilt og samarbeider godt med ulike aktørar
  • Trivst med varierte oppgåver og til tider korte fristar
  • Har interesse for samfunn og lokaldemokrati

Vi tilbyr

  • Varierte og samfunnsviktige arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Vikariat med ønska tilsetting så snart som mogleg, og med varigheit ut 2026.

Endring i stillingsinnhold kan bli aktuelt.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Ta gjerne kontakt med personal- og organisasjonssjef Mette Jane Holand, mob. 90017957 om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    10.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6601151
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune