Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
05.11.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6439291Se här för andra jobb från Hå kommune
Hå kommune
Vertskaps- og serviceansvarleg
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer ein engasjert, serviceinnstilt og ansvarsfull medarbeidar som vil bidra til å skape gode opplevingar og minner for våre besøkande. Har du bakgrunn eller interesse innan kunst- og kulturfeltet, kafédrift, personalleiing, reiseliv eller turisme, kan dette vere stillinga for deg.
Frå 1. november 2025 har Hå gamle prestegard ledig ei fast 100 % stilling som vertskaps- og serviceansvarleg.
Som vertskaps- og serviceansvarleg får du ei sentral rolle i den daglege drifta og møte med vårt publikum. Du får personalansvar for resepsjons- og kafétilsette, og skal sørgje for gode rutinar for vaktplanlegging, rekruttering, opplæring og oppfølging i samarbeid med dagleg leiar. Eit viktig arbeidsområde er òg å ha det overordna ansvaret for kafédrifta i samarbeid med kokk og kafépersonale, og å bidra til at tilbodet vårt held høg kvalitet både på service og innhald. Vidare vil du ha ansvar for utleige av lokala våre, både på Hå gamle prestegard og Obrestad fyr. Dette omfattar planlegging og gjennomføring av møte, servering og overnatting.
Me ønskjer ein person som:
- Har utdanning og /eller erfaring innan relevante fagområde; kultur, kafédrift, personalleiing, reiseliv, kunst eller turisme.
- Er strukturert, sjølvstendig, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet.
- Har erfaring innan, og er genuint oppteken av, kundeservice, publikumsutvikling og å arbeide med menneske.
- Som kan vere ein engasjert vert for det unike anlegget vårt, og bidra til minneverdige publikumsopplevingar i samarbeid med det dyktige teamet i resepsjon og kafé.
- Gode IT- kunnskapar og teknisk forståing.
- Har gode norsk – og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Har førarkort og tilgang til eigen bil.
- Til stillinga høyrer kvelds- og helgearbeid tilsvarande 1 helg i månaden.
Om Hå gamle prestegard
Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria.
Anlegget, som er eigd og drive av Hå kommune, har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og eigenproduserte kulturhistoriske utstillingar, formidling og sal av kunst og kunsthandverk, kafé med fokus på heimelaga mat med lokale råvarer. Det blir arrangert foredrag, konsertar og temakveldar mm.
Til drifta av anlegget høyrer òg museumsanlegget Obrestad fyr med utleigebustadar og Hå kommune sitt kulturvernarbeid, som ein integrert del av verksemda.
Hå gamle prestegard er eit av dei mest besøkte utfartsstaden på Jæren. Området rundt prestegarden er landskapsvernområde og har ei rik historie som strekk seg 9000 år tilbake i tid.
Me tilbyr:
- Ein unik arbeidsplass i eit historisk kulturmiljø nær flotte turområde.
- Ein organisasjon og fagfelt i kontinuerleg utvikling med stort fokus på samarbeid og kommunikasjon. Ein dynamisk arbeidsplass med rom for kreativitet og innovasjon.
- Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforening.
- Gode pensjon- og forsikringsordningar.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
05.11.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6439291Se här för andra jobb från Hå kommune