Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
24.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6414279Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
Psykisk helsearbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Meistringseininga gir tenester til innbyggjarar som har utfordringar knytte til psykisk helse eller rus, og som bur utanfor Klokkartunet på Varhaug. Vi har òg ansvar for tildeling av kommunale bustader og oppfølging av leigetakarar, særleg flyktningar og personar som står i vanskelege livssituasjonar.
Arbeidet vårt er recoveryorientert. Det betyr at vi tek utgangspunkt i kva brukarane sjølve opplever som viktig. Vi tilbyr samtalar, rettleidd sjølvhjelp, kurs (KiB, meistringskurs), støtte til daglege gjeremål og ulike aktivitetar. Vi nyttar tilbakemeldingsverktøyet FiT (Feedbackinformerte Tenester). Avdelinga tildeler og følgjer opp støtte- og treningskontaktar.
Om stillinga
- Vi har ledig eit 100 % engasjement frå 01.12.2025 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging ut 2027. Arbeidstid er dagtid, 37,5 t/veke.
- Det er ynskjeleg at den som blir tilsett kan starte 01.12.2025, og gå rett inn i arbeid med brukarane.
- Du vil jobbe med menneske som har ulike rus- og/eller psykiske helseutfordringar – frå milde til alvorlege og langvarige. Vi samarbeider tett med fastlegar, spesialisthelsetenesta, NAV og andre instansar.
Kvalifikasjonar
- Bachelor innan helse og/eller sosialfag, fortrinnsvis verne-eller sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning er ynskjeleg
- Erfaring frå recoveryorientert arbeid
- Må kunne ta kurs i medikamenthandtering dersom du ikkje har formell kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- evne til å motivere og skape tillit
- fleksibel og løysingsorientert
- positivt menneskesyn
- gode samarbeidsevner
- tolmodig og målretta
- vilje til å stå i ein variert og til tider uforutsigbar arbeidskvardag
- noko fleksibilitet i arbeidstid må reknast med
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi oppmodar menn til å søkje, då vi ønskjer betre kjønnsbalanse i avdelinga.
Stillinga blir løna som sjukepleiar, vernepleiar eller miljøterapeut, avhengig av utdanning.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
24.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6414279Se her for andre jobber fra Hå kommune