Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
17.03.2025Position function
TraineeFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TraineeIndustry
Jern-, stål- og metallstøperierEducational qualification
PåkrevetWork experience
Ikke påkrevetDesired language
NorskAddress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6092270Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vil du jobbe som maskiningeniør i eit solid og internasjonalt selskap?
Trainee: MaskiningeniørJern-, stål- og metallstøperier
Klar for å starte karrieren som maskiningeniør? Dette er din sjanse til å bli del av ei spennande bedrift med store ambisjonar.
Er du vår nye trainee?
Vi søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som maskiningeniør. Våre maskiningeniørar spelar ei avgjerande rolle i å sikre at anlegget fungerer optimalt til ei kvar tid, og leverer teknisk støtte til dagleg drift, ulike prosjekt og ulike vedlikehaldsaktivitetar på anlegget. I denne stillinga vil du jobbe med alt ifrå overvaking og forbetringsarbeid til vedlikehald, feilsøking og sikkerheits- og risikovurderingar, for å nemne noko. Du vil arbeide tett med ulike avdelingar for å sikre anlegget sin integritet, samt bidra til å oppretthalde inspeksjons- og reparasjonsrutinar.
Du vil også spele ei viktig rolle i å fremje INEOS sine prinsipp for aferds- og prossessikkerheit, noko du vil få god kjennskap til ved oppstart.
Kvifor velje oss?
- Ein spennande og variert arbeidskvardag – Du vil få innblikk i fleire sider av maskiningeniørfaget og jobbe tett med ulike avdelingar
- Utviklingsmoglegheiter – vi legg til rette for at du skal kunne lære og utvikle deg
- Konkurransedyktige betingelsar – Vi tilbyr gode vilkår som speglar ansvaret og moglegheitene i stillinga
- Eit inkluderande og godt miljø – Delta på quiz, innebandyturnering, juleverkstad og andre sosiale arrangement med jamne mellomrom.
- Fantastiske omgjevnadar – Bu og jobb i vakre Ullensvang, kjend som Noregs friluftshovudstad, med spektakulær natur rett utanfor døra!
Kven er du?
Du er gjerne heilt nyutdanna, eller har maks tre års arbeidserfaring. Du er opptatt av HMS og bidreg til ein trygg og produktiv arbeidskvardag. Du ønsker å bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi er rause med kvarandre og har stor takhøgde for faglege diskusjonar. Det viktigaste er at du er lærevillig og ser verdien av å dele erfaringar og kunnskap med dine kollegaer.
Livet utanfor jobben
Tyssedal/Odda i Ullensvang kommune er eit levande lokalsamfunn med full barnehagedekning, gode skular og eit breitt tilbod av fritidsaktivitetar. Her kan du drive med alt frå fjellturar og ski til klatring og kajakkpadling – eller nyte ein roleg kveld ved fjorden.
Ny i Ullensvang? Vi hjelper deg gjerne med informasjon om bustad, fritidstilbod og det å etablere seg i området: Les meir
Vil du utvikle deg som maskiningeniør og få innsyn i ein spennande bransje? Send oss ein søknad!
Arbeidsstad: Tyssedal
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
INEOS driftar 194 anlegg i 29 land og sysselset over 26 000 tilsette. I september 2023 kjøpte INEOS bedrifta i Tyssedal, eit smelteverk med ein unik posisjon i Europa. Smelteverket produserer slagg med høgt innhald av titandioksid, som brukast i mellom anna maling, plastprodukt og keramikk. I tillegg produserast råjern av høg reinsemd, som vidareforedlast til mellom anna bildelar og vindturbindelar.
Company
Framtidsfylket ASApplication deadline
17.03.2025Position function
TraineeFulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TraineeIndustry
Jern-, stål- og metallstøperierEducational qualification
PåkrevetWork experience
Ikke påkrevetDesired language
NorskAddress
5750, ODDA
ULLENSVANG
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6092270Look here for other jobs from Framtidsfylket AS