Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
17.03.2025Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskapHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
SmelteverkUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
5770, TYSSEDAL
ULLENSVANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6095869Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Vil du jobbe som controller i eit solid og internasjonalt selskap?
Trainee Ineos Tyssedal: ControllerSmelteverk
Klar for å starte på karrieren som rekneskapscontroller? Dette er din sjanse til å bli del av ei spennande bedrift med store ambisjonar.
INEOS driftar 194 anlegg i 29 land og sysselset over 26 000 tilsette. I september 2023 kjøpte INEOS bedrifta i Tyssedal, eit smelteverk med ein unik posisjon i Europa. Smelteverket produserer slagg med høgt innhald av titandioksid, som brukast i mellom anna maling, plastprodukt og keramikk. I tillegg produserast råjern av høg reinsemd, som vidareforedlast til mellom anna bildelar og vindturbindelar.
Er du vår nye trainee?
Vi søkjer ein engasjert og lærevillig trainee til stillinga som rekneskapscontroller. Som trainee hos oss vil du få ei bratt læringskurve og verdifull erfaring med økonomistyring i ei industribedrift. Du vil få ansvar, oppfølging og støtte frå erfarne kollegaer, og erfare korleis økonomifunksjonen er kritisk for at selskapet skal lukkast.
Dine arbeidsoppgåver:
- Delta i månads- og årsoppgjer
- Utarbeide rekneskapsrapportering til eigarar
- Oppfølging og avstemming av balanse
- Oppdatere og ajourholde kvalitetssystem
- Bidra til generelt forbetringsarbeid og effektiv drift av økonomifunksjonen
Kvifor velje oss?
- Ein spennande og variert arbeidskvardag – Du vil få innblikk i heile rekneskapsfaget og jobbe tett med ulike avdelingar
- Utviklingsmoglegheiter – vi legg til rette for at du skal kunne lære, utvikle deg og ta større ansvar etter kvart
- Konkurransedyktige betingelsar – Vi tilbyr gode vilkår som speglar ansvaret og moglegheitene i stillinga
- Eit inkluderande og godt miljø – Delta på quiz, innebandyturnering, juleverkstad og andre sosiale arrangement med jamne mellomrom.
- Fantastiske omgjevnadar - Bu og jobb i vakre Ullensvang, kjend som Noregs friluftshovudstad, med spektakulær natur rett utanfor døra!
Kven er du?
Du er gjerne heilt nyutdanna, eller har maks tre års arbeidserfaring innan økonomi, rekneskap eller revisjon. Du ønsker å bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi er rause med kvarandre og har stor takhøgde for gode faglege diskusjonar. Det viktigaste er at du har eit analytisk blikk, ønskjer å lære og trivst med ansvar.
Livet utanfor jobben
Tyssedal/Odda i Ullensvang kommune er eit levande lokalsamfunn med full barnehagedekning, gode skular og eit breitt tilbod av fritidsaktivitetar. Her kan du drive med alt frå fjellturar og ski til klatring og kajakkpadling – eller nyte ein roleg kveld ved fjorden.
Ny i Ullensvang? Vi hjelper deg gjerne med informasjon om bustad, fritidstilbod og det å etablere seg i området: Les meir. Vil du utvikle deg som rekneskapsførar og få innsyn i ein spennande bransje? Send oss ein søknad!
Arbeidsstad: Tyssedal
Om traineeordninga:
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
17.03.2025Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskapHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
SmelteverkUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
5770, TYSSEDAL
ULLENSVANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6095869Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS