Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
16.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6084722Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kjørnes barnehage ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utanfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar. Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde. Barnehagen har fem avdelingar og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar. Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, varriert terreng og ein stor trelavvo som fungerer som uteavdeling.
No har me ledig 100% fast stilling som barnehagelærarar frå 04.08.2025. Det kan bli fleire ledige stillingar, og søkjarar frå denne utlysinga kan bli vurderte til andre stillingar seinare i vår/sommar.
Arbeidsoppgåver:- Legge til rette for eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar
- Bidra til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet og samarbeide godt med føresette
- Gi rettleiing og tilbakemeldingar til kollegaer
- Bygge gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
- Vere ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning
- Gjerne erfaring frå barnehage
- Ønskjeleg med rettleiarutdanning for praksislærarar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Interesse og erfaring med friluftsliv, fysisk aktivitet og barns medverknad i mat og måltid
- Engasjert, leiken og initiativrik
- Positiv, inkluderande og open for nye utfordringar
- Evne til å skape gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
- Likar samarbeid og trivst i eit aktivt miljø
- Taklar ein variert kvardag med høgt tempo
- Godt humør
Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet. Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
- Relasjonsbygginga med barna
- Det førebyggande arbeidet
- Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna
- Ein spennande og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Varierte dagar med leik, friluftsliv og fysisk aktivitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Rettleiing for nyutdanna pedagogar og samling for nytilsette
- Mykje frisk luft i vakker natur
- Tilsettetrening
Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø
I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:
Samskapande – Open – God – Nysgjerrig
Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalendaren Kva skjer?
Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.
Andre opplysningar:
Politiattest krevst for stillinga.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
16.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6084722Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Fagarbeidar/assistent
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Styrar og assisterande styrar i barnehage, Ål kommune, frå 01.08.2025
Ål Kommune
ÅL -
Fagarbeidarar i barnehage
Kvam Herad
NORHEIMSUND -
Avdelingsleiar vatn og avløp - bli med på laget som sikrar reint vatn i Sogndal
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL