• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    24.05.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6617609
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Trafikkbetjent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune, eining for veg- og grøntanlegg, har ledig 100 % fast stilling som trafikkbetjent. 

Som trafikkbetjent får du varierte arbeidsdagar der du vekslar mellom kontroll til fots og med bil. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som i dag består av to trafikkbetjentar og ein fagleiar. Avdelingsleiar for veg- og grøntanlegg vil vere næraste leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Handheving og kontroll av all vilkårsparkering som kommunen har ansvar for
  • Handheving av vegtrafikklova på vegar for allmenn ferdsel i kommunen, der forholda går ut over trafikksikkerheita
  • Drift og enklare vedlikehald av parkeringsautomatar og offentleg trafikkskilting
  • Rettleiing og bistand til publikum om parkeringssystem
  • Delta i fagmiljø som arbeider med å utvikle og betre parkeringstilhøva i kommunen
  • Bistå med tildelte oppgåver innan trafikktryggingsarbeid
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Stillinga har oppmøtestad i Sogndal.

Arbeidstid er etter oppsett arbeidsplan, med noko arbeid på ettermiddag, kveld og tredje kvar laurdag.

Kvalifikasjonar

  • Fullført vidaregåande skule
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • God evne til å kommunisere og rettleie publikum
  • Kunne handtere administrative IT-verktøy som til dømes Word, Excel og Teams
  • Må vera viljug til å gjennomføra nødvendig opplæring. Opplæringa vert dekka av arbeidsgivar og det vil innebera reise og opphald over fleire dagar til kurshaldar.
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Pliktoppfyllande og lojal
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Endringsvillig og fleksibel

Kvifor velja oss?

  • Ein spennande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Stor grad av påverknad i eigen arbeidskvardag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt velferdsordningar
  • Løn etter tariff
  • Opplæring og nødvendige kurs med re-godkjenning i tråd med gjeldande regelverk

Administrasjonsmålet i Sogndal kommune er nynorsk.

Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    24.05.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6617609
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune