Company
Sogndal kommuneApplication deadline
24.05.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6617609Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Trafikkbetjent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune, eining for veg- og grøntanlegg, har ledig 100 % fast stilling som trafikkbetjent.
Som trafikkbetjent får du varierte arbeidsdagar der du vekslar mellom kontroll til fots og med bil. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som i dag består av to trafikkbetjentar og ein fagleiar. Avdelingsleiar for veg- og grøntanlegg vil vere næraste leiar.
Arbeidsoppgåver
- Handheving og kontroll av all vilkårsparkering som kommunen har ansvar for
- Handheving av vegtrafikklova på vegar for allmenn ferdsel i kommunen, der forholda går ut over trafikksikkerheita
- Drift og enklare vedlikehald av parkeringsautomatar og offentleg trafikkskilting
- Rettleiing og bistand til publikum om parkeringssystem
- Delta i fagmiljø som arbeider med å utvikle og betre parkeringstilhøva i kommunen
- Bistå med tildelte oppgåver innan trafikktryggingsarbeid
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Stillinga har oppmøtestad i Sogndal.
Arbeidstid er etter oppsett arbeidsplan, med noko arbeid på ettermiddag, kveld og tredje kvar laurdag.
Kvalifikasjonar
- Fullført vidaregåande skule
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- God evne til å kommunisere og rettleie publikum
- Kunne handtere administrative IT-verktøy som til dømes Word, Excel og Teams
- Må vera viljug til å gjennomføra nødvendig opplæring. Opplæringa vert dekka av arbeidsgivar og det vil innebera reise og opphald over fleire dagar til kurshaldar.
- Relevant erfaring vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Pliktoppfyllande og lojal
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Endringsvillig og fleksibel
Kvifor velja oss?
- Ein spennande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Stor grad av påverknad i eigen arbeidskvardag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt velferdsordningar
- Løn etter tariff
- Opplæring og nødvendige kurs med re-godkjenning i tråd med gjeldande regelverk
Administrasjonsmålet i Sogndal kommune er nynorsk.
Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
24.05.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6617609Look here for other jobs from Sogndal kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidar
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Vi søkjar fleire engasjerte sjukepleiarar
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/vernepleiar 60% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal
Sogndal kommune
SOGNDAL