Company
Kvam HeradApplication deadline
20.11.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Spesiell sertifiseringWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6453851Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Miljøterapeut
Tolomarka omsorg og avlastningOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli vår nye kollega i Tolomarka omsorg og avlastning?
Me yter tenester til menneske med utviklingshemming og er eit bufellesskap for vaksne og ein avlastningsavdeling for barn.
- Ledig 60 % fast stilling som miljøterapeut frå 01.02.2026.
- Arbeidet er for tida med oppfølging av brukar i bufellesskapdelen. Me jobbar også på tvers av bufellesskap og avlastningsavdeling.
- Stillinga er i turnus med arbeid 3 kvar helg. Me har langvakter i helgene og kveldsvakter i vekedagane. Det er også god moglegheit for å ta ekstra langvakter og døgnvakter for å fylle på stillingsprosenten.
Vårt fokus er å skapa ein aktiv og meiningsfylt kvardag basert på brukarane sine individuelle behov. Som tilsett hos oss vil du få eit variert arbeid der du er tett saman med brukar på ulike arenaer. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg i dagleglivet
- Miljøterapi
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Ansvar for legemiddelhandtering, dosering, utforming av rutinar og tiltak
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
Kvalifikasjonar:
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar. Søkjarar med annan relevant høgskulekompetanse kan bli vurdert om det ikkje søkjer vernepleiar/sjukepleiar
- Ha erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming
- Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- Vera trygg på deg sjølv i situasjonar som kan endra seg raskt, og som kan utvikla seg til utagering
- Det er ynskjeleg at du har kurs iht å meistra utfordrande åtferd. (MAP-kurs eller tilsvarande.)
- Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- Du må vera i god fysisk form
- Førarkort klasse B
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg språkleg
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar:
- Lojal og tolmodig
- Trygg på deg sjølv og med gode relasjonsevner
- Trivst med ein travel kvardag der situasjonar kan endra seg raskt
- Ha ei genuin interesse for fagfeltet
- Kunna jobba sjølvstendig, men også vera god på teamarbeid.
Vi tilbyr:
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
- Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
- Leiarar som ser heilskap
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Company
Kvam HeradApplication deadline
20.11.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Spesiell sertifiseringWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6453851Look here for other jobs from Kvam Herad