Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
23.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6448006Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vil du vere ein nøkkelperson i helse- og omsorgstenesta i Sogndal?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer vernepleiarar og sjukepleiarar til bemanningssentralen
Sogndal kommune er på veg til å bli ein moderne og lærande organisasjon der me jobbar for å bygge ein organisasjon som set menneske og samfunnsoppdraget i sentrum.
Bemanningssentralen tilset personell for å sikre stabil og kompetent bemanning i helse- og omsorgstenestene. Me dekkjer både korte og lengre behov, og du får variert erfaring og ein nøkkelrolle i gode pasientforløp.
Her får du tryggleik kombinert med fleksibilitet: forutsigbar turnus,men også moglegheit til å jobbe på ulike einingar og utvikle deg fagleg, utan å bytte arbeidsgivar.
I Sogndal får du kvardagen midt mellom fjord og fjell, med gode bustadområde, aktivt kultur- og idrettsliv og eit inkluderande lokalsamfunn. Her er det enkelt å kombinere arbeid, fritid og familieliv.
Dei ledige stillingane er for tida tilknytte heimetenesta i Sogndal
- 2 x 100 % vernepleiar/sjukepleiar
- 1 x 3. kvar helg, vanlege vakter
- 1 x 4. kvar helg, langvakter 14,5 t
3. års sjuke/vernepleiarstudenter er òg velkomne til å søke.
Arbeidsoppgåver:
- Utføre nødvendig helsehjelp til brukarar med varierte behov og samansette diagnosar.
- Sikre god og korrekt dokumentasjon (vi nyttar Gerica og LMP).
- Rettleiing og informasjon til brukarar, pårørande, studentar og kollegaer.
- Nyttiggjere velferdsteknologi for å styrke kvalitet og effektivitet.
- Samarbeid med tverrfaglege team for å sikre heilskapleg omsorg.
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar.
- Beherskar norsk skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
- Godkjent politiattest ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
- Samarbeidsvillig, ansvarsbevisst og sjølvstendig.
- Evne til å handtere ein hektisk og uforutsigbar kvardag.
- Engasjement for fagleg utvikling og kunnskapsdeling.
- Omstillingsdyktig med eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet.
Me tilbyr:
- Ein arbeidsplass i utvikling der du kan bidra til ei ny retning for kommunen.
- Fagleg og personleg utvikling i eit støttande miljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, velferdstilbod og løn etter tariff.
- Turnusordning inkludert langvakter og fleksibilitet for tilpassa arbeidstid etter behov.
- Årsturnus
- Ei arbeidserfaring i eit miljø som set mennesket og samfunnet i fokus, i tråd med kommunens mål om å vere ei lærande og moderne eining.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn.
Me legg til rette for gode arbeidsforhold dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid.
I følgje offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar gjerast offentlege sjølv om du har bede om unntak. Du blir varsla dersom det skjer. Søknadar må sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit innan fristen.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
23.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6448006Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Me søkjer sjukepleiarar i Sogndal, vil du bli med på laget?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helgestillingar - Balestrand helsetun og heimetenesta
Sogndal kommune
Balestrand -
Vil du jobbe ein stad du får tillit, ansvar og høve til å gjere ein forskjell?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helgestillingar - Leikanger sjukeheim
Sogndal kommune
Leikanger -
Helsefagarbeidar
Sogndal kommune
Leikanger