• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    17.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6453856
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Helsefagarbeidar

Strandebarm omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!

50 % fast stilling ledig frå 1. desember 2025

Stilling med arbeid på dag og kveld , turnus for tida etter årsplan med arbeid tredje kvar helg

Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i heilt nytt omsorgssenter i Strandebarm. Vil du vite meir om oss les her:Strandebarm omsorg

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. 

 

Arbeidsoppgåver:

Pleie og omsorgsoppgåver i institusjon og heimebaserte tenester, med arbeid på kveld og natt. 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort på bil
  •  Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
  • Du må ha positiv innstilling 
  • Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Variert arbeid både inne i institusjon og ute i heimetenesta
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
  • Gode pensjons-/ forsikringsordningar

 Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    17.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6453856
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad