Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
21.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6381292Se här för andra jobb från Kvam Herad
Kvam Herad
Tolomarka omsorg og avlastning
Miljøterapeut/ teamleiarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har ledig 100 % fast stilling som teamleiar på avlastningsavdelinga for barn og unge med funksjonshemming. AvlastningsInstitusjonen ligg nydeleg til med naturnære og romslege uteområde i Tolomarka i Norheimsund.
Her hjelper me tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på skulen og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
- Som miljøterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du fylgjer opp fleire brukarar knytt til avlastningsavdelinga. Me yter for tida teneste til barn og unge frå 5 til 10 år og skreddarsyr tilbodet etter behov.
Arbeidsoppgåver:
- Koordineringsarbeid og kvalitetsforbetringsarbeid i nært samarbeid med gruppeleiar og bemanningskonsulent
- Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande
- Ansvar for å planleggja og organisera ansvar og arbeidsoppgåver ved avlastninga
- Ansvar for oppfølging og rettleiing av fast tilsette, studentar og lærlingar
- Kontakt med eksterne samarbeidspartar og ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll
- Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg og i samarbeid med pårørande
- Rettleiing, debriefing og opplæring av kollegaer
- Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak
Kvalifikasjonar
- Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- Det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse på å handtera krevjande situasjonar rundt barn med tidvis utfordrande adferd
- Det er ønskjeleg med gjennomført MAP -kurs
- Det er ein fordel om du har kompetanse på autismespekterforstyrringar
- Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- Førarkort klasse B
- God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar:
- Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar
- God relasjonsevne
- Ha ei genuin interesse for fagfeltet
- Kunna jobba sjølvstendig
- Trivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeid
- Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre
Me tilbyr:
- Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
- Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
- Leiarar som ser heilskap
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
21.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6381292Se här för andra jobb från Kvam Herad