• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    21.09.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6381292
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Tolomarka omsorg og avlastning

Miljøterapeut/ teamleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig 100 % fast stilling som teamleiar på avlastningsavdelinga for barn og unge med funksjonshemming. AvlastningsInstitusjonen ligg nydeleg til med naturnære og romslege uteområde i Tolomarka i Norheimsund. 

Her hjelper me tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på skulen og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.

Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!

  • Som miljøterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du fylgjer opp fleire brukarar knytt til avlastningsavdelinga. Me yter for tida teneste til barn og unge frå 5 til 10 år og skreddarsyr tilbodet etter behov. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Koordineringsarbeid og kvalitetsforbetringsarbeid i nært samarbeid med gruppeleiar og bemanningskonsulent
  • Primærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørande
  • Ansvar for å planleggja og organisera ansvar og arbeidsoppgåver ved avlastninga
  • Ansvar for oppfølging og rettleiing av fast tilsette, studentar og lærlingar
  • Kontakt med eksterne samarbeidspartar og ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll
  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg og i samarbeid med pårørande
  • Rettleiing, debriefing og opplæring av kollegaer 
  • Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak 

Kvalifikasjonar

  • Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
  • Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse på å handtera krevjande situasjonar rundt barn med tidvis utfordrande adferd
  • Det er ønskjeleg med gjennomført MAP -kurs
  • Det er ein fordel om du har kompetanse på autismespekterforstyrringar
  • Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.   

Personlege eigenskapar:

  • Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonar
  • God relasjonsevne
  • Ha ei genuin interesse for fagfeltet
  • Kunna jobba sjølvstendig
  • Trivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeid
  • Du må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre

Me tilbyr:

  • Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    21.09.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6381292
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad