Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
23.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6381271Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Kvam ungdomsskule, Kvam herad
GrunnskulelærarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
ER DU VÅR NYE KONTAKTLÆRAR VED KVAM UNGDOMSSKULE?
Kvam ungdomsskule ligg sentralt i Øystese. Skulen vil har omlag 260 elevar for skuleåret 25/26 og 44 tilsette. På Kvam ungdomsskule snakkar me om våre elevar, ikkje mine og dine. Profesjonsfellesskapen ser me på som viktig og samarbeid er ein sentral del av kvardagen.
Fokusområda til skulen dette året er følgjande:
- - trygt og godt skulemiljø
- - variert og elevaktiv undervisning
- - BTI/Betre Tverrfagleg Innsats
Me har no ledig:
100% vikariat frå og med januar 2026 og ut skuleåret. Kontaktlæraransvar er lagt til stillinga.
Aktuelle fag:
I hovudsak matematikk og kroppsøving. Andre fag som engelsk, norsk og spesialpedagogikk kan og verta vurderte som aktuelle.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver:
Planlegging og gjennomføring av undervisning. Vanlege kontaktlæraroppgåver. Aktiv deltaking i møteverksemd, fagsamarbeid og utviklingsarbeid ved skulen.
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning for grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova.
- Andre med relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan også verta vurderte for vikariatet
- Positivt elevsyn
- God fag-/metode- og relasjonkompetanse
- Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT
- Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.
- Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personelege eigenskapar som at:
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
- Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysningar
- Du er strukturert og overheld tidsfristar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du tek ansvar og er profesjonell
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø og teamkultur
- Systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kontaktlærartillegg på 40 000 kr
- Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
- Søknader må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
23.09.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6381271Se her for andre jobber fra Kvam Herad