• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    16.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4780432
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 23.09.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Tilrettelegging for friluftsliv i Sogn - prosjektstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune søkjer etter prosjektleiar i 100% stilling i eitt år som skal vere med å vidareutvikle tilrettelegginga for friluftsliv i Sogn. Friluftslivet har ei sentral rolle i kommunen og regionen sin attraktivitet for tilflytting og livskvalitet, i tillegg til å vere ein viktig ingrediens i folkehelsearbeidet. Sogndal ynskjer gjennom dette å starte arbeidet med å etablere eit interkommunalt friluftsråd, og denne stillinga vil få eit stort ansvar for dette arbeidet.  

Me ser etter ein person som brenn for friluftslivet, og som har lyst å bidra til at friluftslivet får ein endå sterkare posisjon i regionen. Første store oppgåve vert å bidra til det samla arbeidet med å drive god og målretta tilrettelegging for friluftsliv, saman med resten av lokalsamfunnet. Ein viktig del av dette er å bidra til etablering av eit interkommunalt friluftsråd i vår region, som skal vere ein del av medlemsfamilien under Friluftsrådenes landsforbund.  

Stillinga vil vere ein del av Sogndal kommune sitt arbeid med samfunnsutvikling og frivilligheit, og du vil bli ein del av eit team som jobbar med å finne framtidas løysingar for tilrettelegging for friluftsliv. Det er aktuelt å vidareføre stillinga som dagleg leiar for eit eventuelt interkommunalt friluftsråd. Du vil måtte balansere mellom operativt arbeid ute i felt, og strategisk og administrativt arbeid på kontor.  

Kvalifikasjonar:  

  • Relevant utdanning eller arbeidserfaring frå natur- og friluftsliv 

  • Kjennskap til offentleg forvaltning, særleg lovverk, forskrifter og føringar som vedkjem friluftslivet 

  • Erfaring med prosjektleiing 

  • God til å kommunisere munnleg og skriftleg 

  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt 

Eigenskapar: 

  • Interesse og engasjement for friluftsliv og natur 

  • God gjennomføringsevne 

  • Evne til å få med deg andre og til å jobbe i team 

  • Like å jobbe sjølvstendig og vere med å skape innhaldet i eigen arbeidsdag 

  • Forstå dei ulike rollene i samspelet mellom offentleg forvaltning, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar 

Me tilbyr: 

  • Spennande arbeidsoppgåver som vil vere med å forme friluftslivet som eit prioritert satsingsområde i kommunen 

  • Eit skapande og positivt arbeidsmiljø med variert og høg kompetanse 

  • Gode pensjons- og velferdsordningar 

  • Stor friheit til å vere med å forme eigen arbeidskvardag 

  • Fleksibel arbeidstid 

  • Løn etter avtale 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  Easy Cruit.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    16.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4780432
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 23.09.2022