Company
Sogndal kommuneApplication deadline
16.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4780432Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 23.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Tilrettelegging for friluftsliv i Sogn - prosjektstilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune søkjer etter prosjektleiar i 100% stilling i eitt år som skal vere med å vidareutvikle tilrettelegginga for friluftsliv i Sogn. Friluftslivet har ei sentral rolle i kommunen og regionen sin attraktivitet for tilflytting og livskvalitet, i tillegg til å vere ein viktig ingrediens i folkehelsearbeidet. Sogndal ynskjer gjennom dette å starte arbeidet med å etablere eit interkommunalt friluftsråd, og denne stillinga vil få eit stort ansvar for dette arbeidet.
Me ser etter ein person som brenn for friluftslivet, og som har lyst å bidra til at friluftslivet får ein endå sterkare posisjon i regionen. Første store oppgåve vert å bidra til det samla arbeidet med å drive god og målretta tilrettelegging for friluftsliv, saman med resten av lokalsamfunnet. Ein viktig del av dette er å bidra til etablering av eit interkommunalt friluftsråd i vår region, som skal vere ein del av medlemsfamilien under Friluftsrådenes landsforbund.
Stillinga vil vere ein del av Sogndal kommune sitt arbeid med samfunnsutvikling og frivilligheit, og du vil bli ein del av eit team som jobbar med å finne framtidas løysingar for tilrettelegging for friluftsliv. Det er aktuelt å vidareføre stillinga som dagleg leiar for eit eventuelt interkommunalt friluftsråd. Du vil måtte balansere mellom operativt arbeid ute i felt, og strategisk og administrativt arbeid på kontor.
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning eller arbeidserfaring frå natur- og friluftsliv
Kjennskap til offentleg forvaltning, særleg lovverk, forskrifter og føringar som vedkjem friluftslivet
Erfaring med prosjektleiing
God til å kommunisere munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Eigenskapar:
Interesse og engasjement for friluftsliv og natur
God gjennomføringsevne
Evne til å få med deg andre og til å jobbe i team
Like å jobbe sjølvstendig og vere med å skape innhaldet i eigen arbeidsdag
Forstå dei ulike rollene i samspelet mellom offentleg forvaltning, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar
Me tilbyr:
Spennande arbeidsoppgåver som vil vere med å forme friluftslivet som eit prioritert satsingsområde i kommunen
Eit skapande og positivt arbeidsmiljø med variert og høg kompetanse
Gode pensjons- og velferdsordningar
Stor friheit til å vere med å forme eigen arbeidskvardag
Fleksibel arbeidstid
Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Easy Cruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
16.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4780432Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 23.09.2022