Ledigt jobb

Sogndal kommune

Tilkallingsvikar barnehagane på Leikanger

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar.  

Her kan du søke som tilkallingsvikar i  barnehagane på Leikanger 2025/26;  

  • Nybø barnehage 

  • Henjahaugane barnehage 

 

Likar du å arbeida med barn, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil me gjerne at du tek kontakt med styrar i barnehagen 

Arbeid i barnehage er variert, interessant, gjevande og du vert kjend med gode og positive barn som lærer kvar dag. 

Me kan tilby: 

  • Utfordrande, varierande og  interessante arbeidsoppgåver 

  • Godt arbeidsmiljø 

  • Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring 

  • Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar 

  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar 

 Andre opplysningar: 

  • Tilsette må levere politiattest 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk 

  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort 

  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit 

Kontaktinformasjon: 

  • Henjahaugane barnehage: Lillian Bruheim, styrar. Tlf: 41510202