Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
14.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6632287Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Styrar Langevåg barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du arbeide saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune?
Sula kommune søker ein tydeleg, fagleg sterk og erfaren styrar for Langevåg barnehage, med solid kompetanse.
I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet, og Langevåg barnehage er ein av desse.
I denne barnehagen blir ein møtt med omsorg, tryggheit. Barnehagen er oppteken av tid til tilknyting, at vi bygger relasjonar og legg til rette for å gje barna god tid til å kvile når dei ønsker det.
Barnehagen er ein kommunal 6 avdelingsbarnehage som ligg fint til i sentrum av Langevåg, nær skogen, fjellet og fjøra. I barnehagen er vi opptatt av å samarbeide på tvers av avdelingane, og vi har felles prosjekt, fellessamlingar og arrangement.
Som leiar får du ein gjeng motiverte medarbeidarar med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområde oppvekst, samt at du vert ein del av kommunedirektøren si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling gjennom metaforen «Læringseisa» og hovudsatsinga vår som er «Barn som meistrar». Ulike utviklingsprosjekt og utdanningsdirektoratet sine kollektive kompetanseordningar og internasjonalt utdanningsarbeid gjennom Erasmus+ er område vi arbeider saman med felles mål og retning.
Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som skal bidra til at vi nyttar vår samla kompetanse til å nå kommunen sine mål, som er å levere gode og berekraftige tenester til innbyggarane. Leiarane går føre og viser veg, og skal vere med å støtte opp om kommunen sin felles visjon – Vilje til å lykkast saman.
Langevåg barnehage ønsker å ha deg som vil vere med å bidra til endring og utvikling av barnehagen, med på laget.
Visjonen til barnehagen Leik, læring og gode venner Les gjerne meir om oss på heimesida vår Langevåg barnehage - Sula kommune https://www.sula.kommune.no/tenester/oppvekst-og-utdanning/barnehage/barnehagar-i-sula-kommune/langevag-barnehage/
Stillinga er ledig frå 01.09.2026
Kvalifikasjoner:
- Godkjent 3- årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Styrarutdanning/leiarutdanning. Relevant leiarerfaring kan også verte vurdert
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem
- God økonomisk kompetanse og forståing
- Gode norsk kunnskaper, både skrifleg og munnleg framstilling. Tenestemål i Sula kommune er nynorsk
- Gyldig politiattest nyar enn 3 mnd, må leggast fram før oppstart i stillinga
Personlige egenskaper:
Vi søker etter ein leiar som:
- er tydeleg, trygg og inkluderande
- er løysingsorientert, nytenkande og utviklingsorientert
- har høg fagleg integritet og god rolleforståing
- er strukturert og systematisk i arbeid med å oppnå gode resultat
- identifiserer deg med kommunen og barnehagen sin visjon og verdiar
- har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- evne til å handtere kompleksitet og høgt arbeidspress
- har evne til å ivareta og vidareutvikle barnehagen sin kultur og sitt leike- og læringsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsfellesskap
- godt samarbeid mellom leiarane i barnehagane og tverrfaglege samarbeidspartar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
14.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6632287Se här för andra jobb från Sula kommune