• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6632287
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Styrar Langevåg barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du arbeide saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune?

Sula kommune søker ein tydeleg, fagleg sterk og erfaren styrar for Langevåg barnehage, med solid kompetanse.
I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet, og Langevåg barnehage er ein av desse.
I denne barnehagen blir ein møtt med omsorg, tryggheit. Barnehagen er oppteken av tid til tilknyting, at vi bygger relasjonar og legg til rette for å gje barna god tid til å kvile når dei ønsker det.
Barnehagen er ein kommunal 6 avdelingsbarnehage som ligg fint til i sentrum av Langevåg, nær skogen, fjellet og fjøra. I barnehagen er vi opptatt av å samarbeide på tvers av avdelingane, og vi har felles prosjekt, fellessamlingar og arrangement.
Som leiar får du ein gjeng motiverte medarbeidarar med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområde oppvekst, samt at du vert ein del av kommunedirektøren  si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling gjennom metaforen «Læringseisa» og hovudsatsinga vår som er «Barn som meistrar». Ulike utviklingsprosjekt og utdanningsdirektoratet sine kollektive kompetanseordningar og internasjonalt utdanningsarbeid gjennom Erasmus+ er område vi arbeider saman med felles mål og retning. 
Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som skal bidra til at vi nyttar vår samla kompetanse til å nå kommunen sine mål, som er å levere gode og berekraftige tenester til innbyggarane. Leiarane går føre og viser veg, og skal vere med å støtte opp om kommunen sin felles visjon – Vilje til å lykkast saman.
Langevåg barnehage ønsker å ha deg som vil vere med å bidra til endring og utvikling av barnehagen, med på laget.

Visjonen til barnehagen Leik, læring og gode venner Les gjerne meir om oss på heimesida vår Langevåg barnehage - Sula kommune https://www.sula.kommune.no/tenester/oppvekst-og-utdanning/barnehage/barnehagar-i-sula-kommune/langevag-barnehage/

 
Stillinga er ledig frå 01.09.2026

 

Kvalifikasjoner:

  • Godkjent 3- årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Styrarutdanning/leiarutdanning. Relevant leiarerfaring kan også verte vurdert
  • God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem
  • God økonomisk kompetanse og forståing
  • Gode norsk kunnskaper, både skrifleg og munnleg framstilling. Tenestemål i Sula kommune er nynorsk
  • Gyldig politiattest nyar enn 3 mnd, må leggast fram før oppstart i stillinga

Personlige egenskaper:

Vi søker etter ein leiar som:

  • er tydeleg, trygg og inkluderande
  • er løysingsorientert, nytenkande og utviklingsorientert
  • har høg fagleg integritet og god rolleforståing
  • er strukturert og systematisk i arbeid med å oppnå gode resultat
  • identifiserer deg med kommunen og barnehagen sin visjon og verdiar
  • har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • evne til å handtere kompleksitet og høgt arbeidspress
  • har evne til å ivareta og vidareutvikle barnehagen sin kultur og sitt leike- og læringsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsfellesskap
  • godt samarbeid mellom leiarane i barnehagane og tverrfaglege samarbeidspartar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6632287
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune