Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
07.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5889154Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 21.09.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Ål Kommune
Spesialpedagog - Sundre barnehage
Offentlig forvaltning
Sundre barnehage har ledig 100% vikariat som spesialpedagog i perioden 01.01.25-31.07.25, med moglegheit for forlenging.
Sundre barnehage består av seks avdelingar med for tida 75 barn. Du vil bli ein del av ei personalgruppe på omkring 40 tilsette, i ulike stillingar. Vi arbeider med arbeidsglede, leik og korleis du og eg kan medverke til gode kår for leiken hjå barn og gode kår for arbeidsglede hjå kvarandre. Vi arbeider for å skape eit inkluderande barnehagemiljø, der alle barn skal ha gode kår for å opplever eit fellesskap og kan etablere gode leikerutiner. Vår visjon er «Leik, lær og le – le, lær og leik», her skal vi som tilsette støtte og vere saman med barna i leik og aktivitet gjennom dagen, slik at barna trivst, lærer og utviklar seg. Støtta er ein del av ei heilskapleg tilnærming til læring.
Stillinga som spesialpedagog inneber arbeid ein til ein, dessutan rettleiingsansvar for tilsette som arbeider med oppfølging av enkeltbarn. Stillinga omfattar også leiaransvar for eit team som arbeider med enkeltbarn, og inngår i leiargruppa i barnehagen.
Arbeidsoppgåver:
- leie arbeidet med spesialpedagogisk oppfølging i barnehagen
- rettleie, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak og oppfølging i enkeltsaker
- delta aktivt i leiarteam i barnehagen
- bidra til fagleg kompetanseheving innan fagområdet
- ha oversikt og forståing for systemarbeid og verktøy knytt til dette
Kvalifikasjonar:
- ynskjeleg med utdanning som spesialpedagog
- anna pedagogisk bakgrunn kan vurderast
- ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
Vi tilbyr:
- ein barnehage som arbeidar for å ha eit fagleg miljø med breidde
- fadder på arbeidsplassen
- ei personalgruppe som arbeidar for å vidareutvikle seg
- eit spesialpedagogisk team i barnehage som følgjer opp det spesialpedagogiske arbeidet
- ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs
- ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
- meningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
07.10.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5889154Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 21.09.2024