• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    07.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5889154
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 21.09.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Spesialpedagog - Sundre barnehage

Offentlig forvaltning

Sundre barnehage har ledig 100% vikariat som spesialpedagog i perioden 01.01.25-31.07.25, med moglegheit for forlenging.

Sundre barnehage består av seks avdelingar med for tida 75 barn. Du vil bli ein del av ei personalgruppe på omkring 40 tilsette, i ulike stillingar. Vi arbeider med arbeidsglede, leik og korleis du og eg kan medverke til gode kår for leiken hjå barn og gode kår for arbeidsglede hjå kvarandre. Vi arbeider for å skape eit inkluderande barnehagemiljø, der alle barn skal ha gode kår for å opplever eit fellesskap og kan etablere gode leikerutiner. Vår visjon er «Leik, lær og le – le, lær og leik», her skal vi som tilsette støtte og vere saman med barna i leik og aktivitet gjennom dagen, slik at barna trivst, lærer og utviklar seg. Støtta er ein del av ei heilskapleg tilnærming til læring.

Stillinga som spesialpedagog inneber arbeid ein til ein, dessutan rettleiingsansvar for tilsette som arbeider med oppfølging av enkeltbarn. Stillinga omfattar også leiaransvar for eit team som arbeider med enkeltbarn, og inngår i leiargruppa i barnehagen.

Arbeidsoppgåver:

  • leie arbeidet med spesialpedagogisk oppfølging i barnehagen
  • rettleie, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak og oppfølging i enkeltsaker
  • delta aktivt i leiarteam i barnehagen
  • bidra til fagleg kompetanseheving innan fagområdet
  • ha oversikt og forståing for systemarbeid og verktøy knytt til dette

Kvalifikasjonar:

  • ynskjeleg med utdanning som spesialpedagog
  • anna pedagogisk bakgrunn kan vurderast
  • ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid

Vi tilbyr:

  • ein barnehage som arbeidar for å ha eit fagleg miljø med breidde
  • fadder på arbeidsplassen
  • ei personalgruppe som arbeidar for å vidareutvikle seg
  • eit spesialpedagogisk team i barnehage som følgjer opp det spesialpedagogiske arbeidet
  • ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs
  • ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
  • meningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • pensjonsordning i KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

 Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    07.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5889154
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 21.09.2024