• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2026
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6642253
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Sommarjobb – Kommunalteknisk avdeling i Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol kommune søkjer to dyktige og sjølvstendige personar til sommarjobb ved kommunalteknisk avdeling.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet vil i hovudsak bestå av:

Fundamentere og montere vegskilt i heile Gol kommune. Dette er ein fysisk jobb som gjennomførast utandørs i all slags vêr. Ein vil arbeide i eit team på to.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • Er i god fysisk form
  • Er ryddig og strukturert
  • Kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide i eit team.
  • Har førarkort klasse B, gjerne førarkort klasse BE (ikkje eit krav, men ein fordel)
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Vi tilbyr

  • Ein praktisk sommarjobb ute i felt
  • Eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Arbeidsvarsling kurs 1
  • Lønn etter avtale

Arbeidsperiode

Frå veke 27, arbeidsslutt etter avtale

Søknad

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.

Søknadsfrist: 12.06.2026


Kontaktinformasjon:
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Aslak Bøygard, leiar for kommunalteknisk avdeling på aslak.boygard@gol.kommune.no eller tlf 97 16 5 004

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2026
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6642253
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune