• Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Bedriftstype
    Kommune
  • Organisasjonsnummer
    964952612
  • Antall ansatte
    730
  • Opprettet år
    1995
  • Nettside
    Gol kommune
  • Adresser
    Besøksadresse
    Gamlevegen 4
    3550  GOL

Gol kommune oppføring hos:

Gol kommune

Gol kommune ligg sentralt plassert på austlandet, og er eit knutepunkt mellom aust og vest.
Gol har ei flatevidde på 532,5 kvm. Innbyggjartal og mykje andre opplysningar finn du her på Statistisk sentralbyrå sine sider.

Kor ligg Gol og korleis kjem ein dit

Gol ligg i dalføret Hallingdal i Buskerud fylke, 167 km nordvest for Drammen. Køyrer ein riksveg 7, er det 174 km frå Oslo til Gol, og 290 km frå Gol til Bergen .
Følgjer ein riksveg 52, kjem ein til Vestlandet via Lærdalstunnelen. Avstanden til Lærdal er ca. 110 km.
Over til nabodalføret Valdres køyrer ein riksveg 51. Det er ca. 50 km til Valdres sitt regionsenter, Fagernes.
Bergensbanen har stopp på Gol. Toget brukar ca. 2 t. 45 min. frå Oslo og i underkant av 4 timar til Bergen.
Dersom ein vil over til Vestlandet med buss, kan ein ta Sogn og Fjordane ekspressen til Førde via Sogndal.

Vær og natur

Gol har eit typisk innlandsklima, med kald vintrar og varme sumrar. Flatevidda i Gol er 530 km² og høgda over havet varierar mellom 180 og 1295 meter. Austover mot Valdres ligg det tradisjonsrike Golsfjellet. Turistbedrifter, hytter og stølsgrender har lenge prega dette senteret for fjellturisme i øvre Buskerud. Det er tilrettelagt for eit aktivt friluftsliv med eit nett av merka løyper for både vinter- og sumaraktivitetar. Kommunen har to freda naturreservat: Lyseren våtmarksreservat som er eit kompleks av små vatn med myrer omkring og Metubba myrreservat, som er dominert av myrer av ulik type og med interessante planter og plantesamfunn.

Historie

Namnet Gol skal koma av Gord, som ei tid var namnet på elva som renn
gjennom bygda. Namnet tyder gjerde, gard, stengsel. Elva laga stengsel og set grense mellom to dalsider. Det er usikkert når dei fyrste menneska busette seg i Gol, men ein er ganske sikker på at ved år 1000 var minst 26 gardar i Gol rydda
og folkesett (”Boka om Gol”, b.1). Funn av dyregraver og jernslagg på Golsfjellet viser imidlertid at området har vore utnytta frå urgammal tid. Gol stavkyrkje blei i 1884 flytta til Bygdøy og danna grunnstamma i Norsk folkemuseum. I dag har
Gol berre kyrkjegarden att av det opprinnelege, men ein kopi av stavkyrkja er reist mellom riksveg 7 og Gol sentrum.

Næringsliv

Gol er ein av landets største reiselivskommunar, og er det regionale handels- og servicesenteret for regionen Hallingdal. Servicenæringane utgjer ca.. 70%, industri, kraft- og vassforsyning, bygge- og anleggsverksemd ca. 20% og landbruk ca. 10% av den totale sysselsetjinga.

Barnehage og skular

Gol kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på fem barnehageavdelingar og ein privat familiebarnehage. Kommunen har ein skule, 1. -10. trinn. Læringssenteret gir tilbod om grunnskuleopplæring, spesialundervisning og undervisning i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. I tillegg har Gol vidaregåande skule og folkehøgskule.


Bli med i vår Kandidatbank

Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.

 

Fagansvarlig miljøterapeut - botiltak 100 % fast stilling

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du klar for en jobb som virkelig betyr noe? Vi søker en faglig sterk og engasjert fagansvarlig  til et unikt avlastningstiltak. Hos oss får du muligheten til å skape trygghet, mestring og gode opplevelser for et barn – og samtidig gi pårørende den avlastningen de trenger.  Som fagansvarlig miljøterapeut blir du en nøkkelperson i hve…

Lærarar for faste stillingar og vikariat skuleåret 2026-2027

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol skule er ein topp moderne 1-10 skule som var ny hausten 2016. Skulen har i underkant av 500 elevar. Det er 95 tilsette, av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget. Skulen er leia av rektor, avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn. Gol skule arbeider etter ein kvalitetsplan der vis…

Pedagogisk leiar/barnehagelærar i Gol barnehage

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar frå August 2026.   Gol barnehage er felles overordna organisering av dei 3 kommunale barnehagane; Breidokk barnehage, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage og frå januar 2027 opnar ein ny barnehage i Gol kommune. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barne…

Tilkallingsvikar Miljøterapitenesta 2026

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet. Eininga har mange spennande utford…

Tilkallingsvikar Institusjon 2026

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Institusjon er ein sjukheim med totalt 32 plassar med kort- og langtidsplass. Vi har eit trivelig, ungt og dynamisk arbeidsmiljø, med mange dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse. Vi søker: Vi ynskjer kontakt med personar som kan vere vikar etter tilkalling og i feriar. Du må like å jobbe med menneske og samarbeide med kollegaer. Kvalifikasjonar:…

Tilkallingsvikar Gol barnehage 2026

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer: Tilkallingsvikar eller kortare vikariat ved behov Arbeidsoppgåver: Aktivitetar, leik, omsorg og læring med barn/barnegrupper inne og ute. Det er utarbeida stillingsbeskrivelse for dei ulike stillingane i barnehagane. Kvalifikasjonar: Barnehagefaglegutdanning og praksis Vi ynskjer at: Medarbeidar…

Sommarvikar ved helse- og omsorgstenesta

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse- og omsorgsavdelingane søker deg som vil jobbe ved Heimetenesta, Miljøterapitenesta, Psykisk helse og Gol helsetun; sjukeheim og kjøkken. Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som sommarvikar hos oss. Vi treng assistentar, som ikkje har utdanning innan vårt fagfelt, fagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar eller anna høgskuleutdanning i…