• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    23.03.2025
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6105520
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Sommarjobb i friluftsskulen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobbe i Friluftsskulen Sogn i sommar?   

 

Har du lyst på ein aktiv og givande sommarjobb? Friluftsskulen er eit tilbod for born og unge i alderen 10 - 13 år. Målet med Friluftsskulen er å gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftslivet. Friluftsskulane skal vere inkluderande og open for alle.   

Vi vil i sommar arrangere ein eller fleire friluftskular i alle dei seks medlemskommunane og Sogn friluftsråd søkjer engasjerte instruktørar til å gjennomføre friluftsskulane. Aktuelle veker er veke 26, 27, 28, 31, 32 og 33 Du må oppgi kva veker som kan vere aktuelle for deg.  

Vi vil i forkant av friluftsskulane arrangere ein opplærings- og bli-kjent dag i samarbeid med Fjordane friluftsråd. Denne dagen blir gjennomført i nærleiken av Sogndal. 

 

Kva for kompetanse ser vi etter i denne rollen?  

Du har kompetanse innan friluftsliv, og gjerne erfaring/kurs frå klatring, padling, sykling, orientering eller andre utandørs aktivitetar.  

 

Kva ser vi etter hjå deg?  

Som instruktør skal du vere ein ansvarleg vaksen i møte med borna. Du er med på å legge til rette for at borna får oppleve meistring og læring. Du skal vere ein imøtekomande, engasjert og trygg vaksen. Det er viktig at du er innstilt på å skape eit godt arbeidsmiljø saman med dei andre instruktørane. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.   

 

Kvalifikasjonar  

Du må:  

  • Like å arbeide med born og unge, og kunne leie friluftsaktivitetar utandørs  

  • Ha erfaring med og positivt engasjement for natur og friluftsliv  

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetting  

 

Ynskja kompetanse, men ikkje krav:  

  • Friluftsliv- eller lærarutdanning ved høgskular eller universitet  

  • Instruktørkurs i padling og klatring  

  • Førstehjelp -/livredningskurs  

  • Lokalkjennskap til ein eller fleire av medlemskommunane  

 

Personlege eigenskapar  

  • Ansvarsbevisst  

  • Sjølvstendig  

  • Tålmodig 

  • Samarbeidsevner  

 

 

Vi tilbyr  

  • Ein svært givande sommarjobb der du får vere utandørs og drive med dine interesser saman med born og unge.   

  • Førstehjelp- og livreddingskurs for alle instruktørar  

  • Vi tilbyr sommarjobb i 2-5 veker.  

  • Løn etter avtale.  

 

Og du – som ferievikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! 
 
Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som får sommarjobb i Sogn.  
 
Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her. 

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er SOGNACAMP for deg! Du får høvet til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. 

 

Les meir her: Sognacamp
(Sognacamp er i utgangspunktet for dei over 18, men dersom fleire enn 10 sommarvikarar under 18 år melder seg på campen lagar vi eit eige opplegg med eigne aktivitetar for desse). 

 

Om arbeidsgjevar  

Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.  

Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal saman med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året.  

  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    23.03.2025
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6105520
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune