Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
23.03.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6105520Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sommarjobb i friluftsskulen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobbe i Friluftsskulen Sogn i sommar?
Har du lyst på ein aktiv og givande sommarjobb? Friluftsskulen er eit tilbod for born og unge i alderen 10 - 13 år. Målet med Friluftsskulen er å gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftslivet. Friluftsskulane skal vere inkluderande og open for alle.
Vi vil i sommar arrangere ein eller fleire friluftskular i alle dei seks medlemskommunane og Sogn friluftsråd søkjer engasjerte instruktørar til å gjennomføre friluftsskulane. Aktuelle veker er veke 26, 27, 28, 31, 32 og 33. Du må oppgi kva veker som kan vere aktuelle for deg.
Vi vil i forkant av friluftsskulane arrangere ein opplærings- og bli-kjent dag i samarbeid med Fjordane friluftsråd. Denne dagen blir gjennomført i nærleiken av Sogndal.
Kva for kompetanse ser vi etter i denne rollen?
Du har kompetanse innan friluftsliv, og gjerne erfaring/kurs frå klatring, padling, sykling, orientering eller andre utandørs aktivitetar.
Kva ser vi etter hjå deg?
Som instruktør skal du vere ein ansvarleg vaksen i møte med borna. Du er med på å legge til rette for at borna får oppleve meistring og læring. Du skal vere ein imøtekomande, engasjert og trygg vaksen. Det er viktig at du er innstilt på å skape eit godt arbeidsmiljø saman med dei andre instruktørane. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kvalifikasjonar
Du må:
Like å arbeide med born og unge, og kunne leie friluftsaktivitetar utandørs
Ha erfaring med og positivt engasjement for natur og friluftsliv
Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetting
Ynskja kompetanse, men ikkje krav:
Friluftsliv- eller lærarutdanning ved høgskular eller universitet
Instruktørkurs i padling og klatring
Førstehjelp -/livredningskurs
Lokalkjennskap til ein eller fleire av medlemskommunane
Personlege eigenskapar
Ansvarsbevisst
Sjølvstendig
Tålmodig
Samarbeidsevner
Vi tilbyr
Ein svært givande sommarjobb der du får vere utandørs og drive med dine interesser saman med born og unge.
Førstehjelp- og livreddingskurs for alle instruktørar
Vi tilbyr sommarjobb i 2-5 veker.
Løn etter avtale.
Og du – som ferievikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp!
Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som får sommarjobb i Sogn.
Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.
Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er SOGNACAMP for deg! Du får høvet til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben.
Les meir her: Sognacamp
(Sognacamp er i utgangspunktet for dei over 18, men dersom fleire enn 10 sommarvikarar under 18 år melder seg på campen lagar vi eit eige opplegg med eigne aktivitetar for desse).
Om arbeidsgjevar
Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.
Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal saman med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
23.03.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6105520Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Ferievikar 2025 på Leikanger - sjukeheim, heimetenesta og kjøkken
Sogndal kommune
Leikanger -
Ferievikar 2025 - Fysio- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
Sogndal -
Ferievikar 2025 i Balestrand - sjukeheim, heimeteneste, vaskeri og kjøkken
Sogndal kommune
Balestrand -
Ferievikar 2025 - Sogndal helse og omsorgssenter
Sogndal kommune
Sogndal -
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL