Ledigt jobb

Surnadal kommune

Sjukepleiar/Vernepleiar fast 100% stilling

Brannvesen

VED SURNADAL SJUKEHEIM SKAL VI TILSETTE SJUKEPLEIAR I FAST 100% STILLING.
Vernepleiar er også aktuelt.

Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.

I tillegg kan andre stillingar og vikariat bli ledig og det kan bli aktuelt med fleire tilsettingar.

 Om oss:

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØDH (Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphald).

Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for å auka tryggleik, kvalitet og trivsel
  • kvalitet i tenestene
  • velferdsteknologi
  • aktivitetar
  • matglede
  • refleksjon

Arbeidsoppgåver:

  • sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
  • teamleiarfunkjson og samhandling
  • koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
  • veiledning og opplæring
  • dokumentasjon
  • bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
  • tverrfagleg samarbeid
  • legemiddelhandtering

Personlege eigenskapar vi ser etter:

  • fagleg dyktig og med engasjement
  • ansvarsfull og handlekraftig
  • endringsvillig og positiv til å sjå løysingar
  • gode samarbeidsevner
  • fleksibel innstilling

Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne. Begge delar er viktig med tanke på god dialog og dokumentasjon.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi inviterer til samtalar med aktuelle søkarar.

Vi kan tilby:

  • fagleg utvikling
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjon- og forsikringsordningar
  • turnus med mogleg individuell tilpassing
  • flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen

 

Jfr vedtak 65/21 i kommunestyret 16.12.2021, gjeld dette vedtaket:

Eksterne søkarar som får tilbod om sjukepleiestilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønni 100% stilling som tilsvarar lønn med 10-års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn10-års ansiennitet frå tidlegare, blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk for tilsetting.

 

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim