Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.03.2026Ansettelsesform
EngasjementBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6506084Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Ferievikarar i Helse- og omsorgstenestene 2026
Brannvesen
Har du lyst på ein spanande om meiningsfull feriejobb, der du får vere med i utviklinga av gode tenester og gje hjelp av god kvalitet til innbyggarane våre?
Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!
Vi skal tilsette ferievikarar i:
- Bu- og aktivitetstenesta
- Heimetenesta
- Surnadal legeteneste
- Surnadal sjukeheim (alle avdelingar, samt vaskeri og kjøkken)
Vi bed om at du i søknaden prioriterer mellom einingane og at du skriv kor du kan tenkje deg å arbeide.
Frå menyen på høgresida i annonsen, kan du klikke det direkte inn i søknadskjemaet for den eininga du helst vil arbeide. Om arbeid i andre einingar også er aktuelt for deg, skriv du det inn i søknaden. Du treng ikkje levere inn søknad ved einingane.
Aktuell periode er frå mai/juni og ut august månad. Vi vil gjerne at du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i dette tidsrommet.
Aktuell kompetanse/kvalifikasjonar:
Sjukepleiar, sjukepleiestudent, vernepleiar, vernepleiestudent, hjelpepleiar, helsefagarbeidar. omsorgsarbeidar, assisistent.
Anna helse- og sosialfagleg utdanning- og/eller studiar kan også vere aktuelt.
Legestudentar er velkomne som søkarar.
For arbeid i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta er det ein fordel å ha førarkort kl.B
Det er krav til å legge fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi ser etter deg som er engasjert i arbeidet og har evne til samarbeid med andre, samtidig som du er stand til å arbeide sjølvstendig.
Med tanke på nødvendig dokumentasjon av arbeidsprosessar og dialog med tenestemottakarar, er det viktig å vere stødig i norsk både muntleg og skriftleg.
Hos oss får du:
- opplæring og rettleiing
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- studentavlønning for høgskulegrupper med studie som er relevant for arbeidsoppgåvene
Du er velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane ved dei ulike einingane for ein prat om ferievikariat:
Surnadal sjukeheim: Jenny Nordheim tlf 48209641
Bu- og aktivitetstenesta: Rakel Polden tlf 48054672
Heimetenesta: Rikke Schwabe Øie tlf 99315202
Surnadal legeteneste (Helse og familie): Ann-Elin Stenberg, tlf 95751762
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.03.2026Ansettelsesform
EngasjementBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6506084Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
-
Vil du jobbe i helse og omsorg i Fjaler kommune?
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sommarvikarar i Balestrand - sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken
Sogndal kommune
Balestrand -
Sommarvikarar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ferievikar - Helse og omsorgssektoren
Ål Kommune
ÅL -
Fastlegeheimel og fastlegevikariat ledig i Giske kommune
Giske Kommune
VALDERØYA