• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6501357
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Leiar ved Hybelhuset

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Psykisk helse og rus – Hå kommune

Vil du lede ein døgnbemanna teneste der relasjonar, fagleg kvalitet og tru på menneske står i sentrum? Har du engasjement for psykisk helse, recovery og utvikling av både medarbeidarar og tenester? Då kan dette vere stillinga for deg.

Om verksemda
Verksemda psykisk helse og rus i Hå kommune gir heilskaplege og koordinerte tenester til innbyggjarar med psykiske helseutfordringar, psykiske lidingar og/eller rusproblem. Målet er å støtte den enkelte til auka meistring, livskvalitet og deltaking i eige liv og nærmiljø.
Arbeidet byggjer på recovery-tenking, med vekt på håp, relasjonar, autonomi og tverrfagleg samarbeid. Verksemda samarbeider tett med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre kommunale einingar for å sikre samanhengande og koordinerte tenester.

Om Hybelhuset
Hybelhuset er ein døgnbemanna teneste med 14 kommunale utleigebustader, og gir i tillegg oppfølging til enkelte heimebuande brukarar. Tenestene er miljøterapeutisk forankra og individretta, med utgangspunkt i kva som er viktig for den enkelte bebuar si meistring og bedringsprosess.
På Hybelhuset er vi glade i menneske. Vi har tru på at menneske kan leve gode, meiningsfulle liv – også med alvorleg psykisk liding. Beboarane blir møtt som ekspertar på eige liv, og tenestetilbodet blir utforma i tett samarbeid med dei.

Om stillinga
Som leiar ved Hybelhuset får du ansvar for om lag 30 årsverk og ei fagleg sterk personalgruppe som jobbar recovery-orientert og relasjonsbasert.
Som leiar ved Hybelhuset har du eit heilskapleg ansvar for fag, personal og drift. Du skal bidra til å vidareutvikle tenesta i tråd med kommunen sitt verdigrunnlag, faglege føringar og gjeldande lovverk. Du blir ein del av leiargruppa i verksemda psykisk helse og rus, og vil samarbeide tett med andre leiarar og fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, utvikle og følgje opp ein døgnbemanna teneste
  • Personalansvar, inkludert rekruttering, rettleiing og medarbeidarutvikling
  • Sikre fagleg kvalitet og vidareutvikling av miljøterapeutisk praksis
  • Legge til rette for gode, trygge og virksame relasjonar mellom medarbeidarar og bebuarar
  • Fremme ressursar, meistring og det friske hos den enkelte
  • Bidra til struktur, tryggleik og forutsigbarheit – også på natt
  • Samarbeide tett med pårørande, samarbeidspartnarar og andre kommunale og eksterne tenester
  • Ansvar for turnus, bemanning og forsvarleg drift

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sykepleier/vernepleier
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ønskjeleg
  • Erfaring frå psykisk helse og/eller rusarbeid
  • God forståing for recovery-tenking, kjennskap til MTM Rammeverket er ønskelig.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein leiar som:

  • Er ein tydeleg og tillitskapande relasjonsbyggjar
  • Er nysgjerrig på menneske og opptatt av å forstå ulike perspektiv
  • Er raus, inkluderande og trygg i møte med både bebuarar og medarbeidarar
  • Er robust og står stødig i krevjande situasjonar
  • Har evne til å finne lyspunkt – også når kvardagen er utfordrande
  • Er open for refleksjon og tenke kreativt og er løsningsfokusert
  • Jobbar strukturert, sjølvstendig og målretta

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull leiarstilling i ei viktig kommunal teneste
  • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenesta
  • God støtte i leiarrolla gjennom samarbeid i leiargruppa
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6501357
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune