Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6668822Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli ein av dei engasjerte medarbeidarane våre og jobba i eit spennande team ?
Vi søkjer sjukepleiar/ vernepleiar til vikariat stilling på natt Sundheimen.
Om avdelingaSundheimen er ein kommunal sjukeheim med tenester døgnet rundt. Vi har 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens.
I tillegg driv vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar.
Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse, med fokus på omsorg, tryggleik, behandling og palliasjon.
Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon.
Arbeidsoppgåver- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- Utføre leiarskap når naudsynt.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i Aidn( nytt epj. frå mai 2026)
- Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Enklare Laboratorie-arbeid
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år og kr. 40 000.- for nattarbeid over gjeldande tariff i 100 % stilling.
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år
- Ekstra helg planlagt i årsplan vert kompensert.
- Vernepleiar kan bli vurdert for stilling
- Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
- Vikariatet varer ut august 2027.
- Mentorordning i system
- Varierte sjukepleiefaglege oppgåver
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering og moglegheit for lading
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal . 56160400/96942550 Silje.skagen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6668822Se her for andre jobber fra Øygarden kommune