• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    30.08.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6677249
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Sjukepleiar i heimetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og ønskjer ein jobb der du verkeleg betyr noko?

I heimetenesta i Gol kommune får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der ingen dagar er like. Hos oss møter du menneske i alle livsfasar, byggjer tillitsfulle relasjonar og bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet i kvardagen. Vi har ansvar for om lag 200 brukarar med ulike behov, og arbeider målretta for å fremje helse, førebyggje sjukdom og støtte den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Vi legg vekt på å sjå heile mennesket og ta utgangspunkt i brukarane sine eigne ressursar, ønskje og mål.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, der samarbeid, utvikling og kvalitet står i sentrum. Her får du brukt breidda i sjukepleiefaget, tett samarbeid med dyktige kollegaer og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Stillinga inngår i todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. Helgevaktene er langvakter på 12,5 timar, noko som gir gode periodar med samanhengande fritid. Som sjukepleiar vil du arbeide både i omsorgsbustader og ute i heimetenesta.

Velkomen til eit fagmiljø som brenn for gode tenester og menneska vi er til for.

Kvifor velje heimetenesta?

I heimetenesta får du brukt breidda i sjukepleiefaget. Du tek sjølvstendige vurderingar, handterer varierte problemstillingar og samarbeider tett med andre faggrupper.

Hos oss får du:

  • ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er like
  • stor grad av sjølvstende og fagleg ansvar
  • moglegheit til å utvikle og påverke tenestene våre
  • eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og læring
  • trivelege, inkluderande og dyktige kollegaer som støttar kvarandre

Arbeidsoppgåver:

  • utføre sjukepleie-, pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med vedtak og faglege retningsliner
  • fremje helse, førebyggje sjukdom og bidra til lindring og meistring
  • utføre kliniske observasjonar og faglege vurderingar
  • legemiddelhandtering, legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgangar
  • rettleie nytilsette, studentar og lærlingar
  • samarbeide tett med fastlegar, pårørande og andre kommunale tenester
  • bidra til utvikling og forbetring av rutinar og prosedyrar
  • sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester i samsvar med gjeldande lovverk og kvalitetskrav
  • medverke til god ressursutnytting og fagleg utvikling i tenesta

Kvalifikasjonar:

  • autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon (HPR-nummer må registrerast i søknaden)
  • bestått norskprøve på nivå B1, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Vi ser etter deg som:

  • er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle deg
  • er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er løysingsorientert og trivst med nye utfordringar
  • har gode IKT-kunnskapar, gjerne erfaring med Gerica
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • er innovativ og ser moglegheiter for utvikling av tenestene

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr:

  • eit spennande fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
  • varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
  • deltaking i faglege forum og kompetansehevande tiltak
  • kurs og systematisk opplæring
  • støtte til relevant vidareutdanning
  • konkurransedyktige lønsvilkår
  • arbeid etter prinsippa for personsentrert omsorg
  • aktiv satsing på kvardagsrehabilitering
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Søknadsfrist: 30.08.26

Vi gler oss til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    30.08.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6677249
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune