Company
Gol kommuneApplication deadline
30.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6677249Look here for other jobs from Gol kommune
Gol kommune
Sjukepleiar i heimetenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleiar og ønskjer ein jobb der du verkeleg betyr noko?
I heimetenesta i Gol kommune får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der ingen dagar er like. Hos oss møter du menneske i alle livsfasar, byggjer tillitsfulle relasjonar og bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet i kvardagen. Vi har ansvar for om lag 200 brukarar med ulike behov, og arbeider målretta for å fremje helse, førebyggje sjukdom og støtte den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Vi legg vekt på å sjå heile mennesket og ta utgangspunkt i brukarane sine eigne ressursar, ønskje og mål.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, der samarbeid, utvikling og kvalitet står i sentrum. Her får du brukt breidda i sjukepleiefaget, tett samarbeid med dyktige kollegaer og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Stillinga inngår i todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. Helgevaktene er langvakter på 12,5 timar, noko som gir gode periodar med samanhengande fritid. Som sjukepleiar vil du arbeide både i omsorgsbustader og ute i heimetenesta.
Velkomen til eit fagmiljø som brenn for gode tenester og menneska vi er til for.
Kvifor velje heimetenesta?
I heimetenesta får du brukt breidda i sjukepleiefaget. Du tek sjølvstendige vurderingar, handterer varierte problemstillingar og samarbeider tett med andre faggrupper.
Hos oss får du:
- ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er like
- stor grad av sjølvstende og fagleg ansvar
- moglegheit til å utvikle og påverke tenestene våre
- eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og læring
- trivelege, inkluderande og dyktige kollegaer som støttar kvarandre
Arbeidsoppgåver:
- utføre sjukepleie-, pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med vedtak og faglege retningsliner
- fremje helse, førebyggje sjukdom og bidra til lindring og meistring
- utføre kliniske observasjonar og faglege vurderingar
- legemiddelhandtering, legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgangar
- rettleie nytilsette, studentar og lærlingar
- samarbeide tett med fastlegar, pårørande og andre kommunale tenester
- bidra til utvikling og forbetring av rutinar og prosedyrar
- sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester i samsvar med gjeldande lovverk og kvalitetskrav
- medverke til god ressursutnytting og fagleg utvikling i tenesta
Kvalifikasjonar:
- autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon (HPR-nummer må registrerast i søknaden)
- bestått norskprøve på nivå B1, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle deg
- er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er løysingsorientert og trivst med nye utfordringar
- har gode IKT-kunnskapar, gjerne erfaring med Gerica
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- er innovativ og ser moglegheiter for utvikling av tenestene
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr:
- eit spennande fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
- varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
- deltaking i faglege forum og kompetansehevande tiltak
- kurs og systematisk opplæring
- støtte til relevant vidareutdanning
- konkurransedyktige lønsvilkår
- arbeid etter prinsippa for personsentrert omsorg
- aktiv satsing på kvardagsrehabilitering
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist: 30.08.26
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Company
Gol kommuneApplication deadline
30.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6677249Look here for other jobs from Gol kommune
-
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Sjukepleiar
Sogndal kommune
Leikanger -
Skap trygge og gode dagar – bli helsefagarbeidar hos oss
Gol kommune
GOL -
Sjukepleiar i heimetenesta - 100% fast stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Omsorg, faglegheit og gode relasjonar; bli med på laget i Victoriahagen
Sogndal kommune
BALESTRAND