• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    01.11.2020
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3227121
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 16.10.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Sjukepleiar - fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?

Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 1. januar 2021, med arbeidsstad i heimetenesta. Som sjukepleiar hos oss vil du ta del i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi startar opp igjen med årsturnus over 52 veker med start 1. mars 2021.

Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Bidra til auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg oppfølging

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Sjølvstendig
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    01.11.2020
  • Anställningsform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3227121
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 16.10.2020