Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.11.2020Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3227121Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 16.10.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Sjukepleiar - fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?
Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 1. januar 2021, med arbeidsstad i heimetenesta. Som sjukepleiar hos oss vil du ta del i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi startar opp igjen med årsturnus over 52 veker med start 1. mars 2021.
Våre tenester vert no tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
- Jobbe kunnskapsbasert
- Bidra til auka fagleg utvikling
- Tverrfagleg oppfølging
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert
- Sjølvstendig
- God på kommunikasjon
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Engasjement for eldreomsorg
- Gode samarbeidsevner
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.11.2020Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3227121Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 16.10.2020