Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.10.2025Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6376959Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sjukepleiar eller vernepleiar Prestahagen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Brenn du for å skape tryggleik, meistring og glede i kvardagen til andre?
Er du ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar som ønskjer å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Då vil vi gjerne bli kjent med deg!
Vi ser etter deg som vil bruke fagkunnskapen din til å skape ein meiningsfull kvardag for våre bebuarar – og som har lyst til å bli ein viktig del av vårt engasjerte og varme arbeidsmiljø i ei døgnbemanna omsorgsbustad i vakre Sogndal.
Hos oss får du:
- Eit støttande og inkluderande kollegafellesskap
- Varierte og fagleg spennande arbeidsoppgåver
- Ein kvardag der du verkeleg betyr noko – både for bebuarane og kollegaene dine
Vil du vere med og gjere ein forskjell – kvar dag?
Søk no, og bli med på laget vårt!
Sogndal er kjent for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.
Om stillingane
Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling
- 2 x 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar
- 1x 86% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar
- 1x100% vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar i eitt år
Me har årsturnus med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter 4. kvar helg og etter eige ynskje i vekedag
Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver
- Heilskapleg pleie og omsorg
- Rettleia for studentar/lærlingar og andre
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
- Medansvarleg for eit godt læringsmiljø
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Sentrale ansvarsområde:
- Pasientflyt
- Pasientjournalsystem
- Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie/vernepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demensomsorg, rus og psykiatri. Om du ynskjer å ta vidareutdanning innafor demens eller alderspsykiatri vil me leggja til rette for det.
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert og positiv
- Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.10.2025Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6376959Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Helsefagarbeidar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Barnehagelærar Nybø barnehage - vikariat
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiar/vernepleiar og helgestillingar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast stilling
Øygarden kommune
RONG -
Miljøterapeut/miljøarbeidar
Sogndal kommune
Leikanger